Fyresdal Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mai 2011 kl. 11:44 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: Fyresdal Sogelag er ein bygdehistorisk samskipnad for Fyresdal kommune. Laget vart skipa 5. mars 1985, men kom ikkje i gang før etter nytt årsmøte 23. februar 1990. Laget har som mål ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Sogelag er ein bygdehistorisk samskipnad for Fyresdal kommune. Laget vart skipa 5. mars 1985, men kom ikkje i gang før etter nytt årsmøte 23. februar 1990. Laget har som mål å arbeide for synleggjering av fornminne og verneverdige gjenstandar, samle inn munnleg og skriftleg kjeldestoff, skipe til turar og hyggekveldar for lagsmedlemer.

Det vert gjeve ut årsskrift som har namnet -"Sjå deg attyvi"-. Det fyrste av desse vart gjeve ut i 1990. I 1992 kom det ikkje ut årsskrift, men sidan har det kome ut årleg. Bøkene er oftast med blanda innhald, men andre gonger tematiske. I 2001 fekk sogelageti staden for årsskrift til ei ny utgåve av Jon Laurits Qvisling si bok "Fyresdals historie".


Kjelder:

  • "Sjå deg attyvi". Fyresdal Sogelag sitt årsskrift 1990