Gardsnamn: Forskjell mellom sideversjoner

2 019 byte lagt til ,  4. mar. 2015
ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 43: Linje 43:
===-garðr===
===-garðr===

Leddet –garðr ryder «inngjerda plass» eller «gard», og kan òg tyde «gjerde». Dette er òg namn på nyare gardar, frå kring 1000 til 1350. Ulikt –ruð var det ikkje vanleg etter svartedauden. Det er kjend kring 1000 gardar med slike namn. Dei er vanlegast på [[Austlandet]] og i [[Ål kommune|Ål]]. Namna endar nå gjerne på –gar eller –går, eller på –gard/-gård der –rd uttalast som tjukk l. Forledda er gjerne personnamn eller yrkesnamn.  

==Bruksnamn==
 
Når ein gard vert delt, er det ofte at dei einskilde bruka framleis nyttar det opphavlege gardsnamnet, sjølv om ein også ofte finn døme på at dei skifter til eit heilt anna namn. Når dei held på det gamle namnet, vert det naudsynt med eit ekstra ledd som fortel kva for bruk ein meiner. Det ein finn mest av er namn laga ut frå himmelretningane, men dei kan også gå på storleik, alder, plassering av bruka i høve til kvarandre eller plassering i landskapet. Det er eit vell av slike namneledd, så ein kan ikkje ramse opp alle her, men nedanfor kjem ein oversikt over nokre vanlege formar. Fordi slike ledd ikkje alltid har vorte normert, er det ofte store skilnader mellom dei ulike dialektane, så ein kan til dømes finne same namnet med former som -stog, -stoga, -stug-, stuggu, -stuggua eller -stua. I lista er berre dei formane som opptrer mest tatt med. Formar på -gard eller -garden finst jamnt over også med formane -gård og -gårder; desse er ikkje tatt med om ikkje det første leddet skiljer mellom målformane.
 
===Himmelretningane==
 
Ein finn fleire variantar av nord og sør enn av aust og vest, og dette er ikkje tilfeldig. I eldre tid nytta ein mange stader mest berre nord og sør når ein skulle namngje gardane; nord dekka då alt som låg nord- og austover, medan sør dekka bruka som låg sør- og vestover.
 
* Nordgard, Nordgarden, Nordstog, Nordstoga, Nordstug, Nordby, Der nord, Der nor.
* Sørgard, Sørgarden, Sørstog, Sørstoga, Sørstug, Systog, Sundby, Der sør, Der sø.
* Austgard, Austegard, Austgarden, Austegarden, Østgården, Østby, Der aust.
* Vestgard, Vestgarden, Vestby.
 
===Storleik===
 
* Store, Diger-.
* Lille, Vesle.
 
===Alder===
 
* Gammalstog, Gamlestua.
* Nystog, Nystua.
 
===Plassering i høve til andre bruk eller i landskapet===
 
* Der heime (oftast plassering på det opphavlege tunet).
* Mellom, Mellem (kan truleg i nokre døme også vise til storleiken).
* Der inne, Innistog.
* Utistog.
* Der uppe.
* Der nere, Der nede.
* Der hite.

==Litteratur==
==Litteratur==
Linje 50: Linje 83:
* Holmsen, Andreas: ''Norges historie. Fra de eldste tider til 1660'', Oslo 1939
* Holmsen, Andreas: ''Norges historie. Fra de eldste tider til 1660'', Oslo 1939

[[Kategori:Stedsnavn]]
[[Kategori:Stedsnavn]]
[[Kategori:Datering]]
[[Kategori:Datering]]