Georg Saal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2018 kl. 18:35 av Narveb (samtale | bidrag) (Ny side: == Georg Saal 1817 – 1870 «Wolden i Søndmør» == Ein gong på 1920 –talet vart ein i Volda kjend med eit maleri som viste Volda sentrum midt på 1850-talet. Maleriet var interess...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg Saal 1817 – 1870 «Wolden i Søndmør»

Ein gong på 1920 –talet vart ein i Volda kjend med eit maleri som viste Volda sentrum midt på 1850-talet. Maleriet var interessant som det eldste bildet frå Volda. Særleg interessant var det at maleriet viste den gamle stavkyrkja som vart tatt ned i 1858. Det eldste prospektet frå Volda som til då var kjent, var eit foto frå 1862. Volda Sogelag sikra seg retten til å lage ein reproduksjon av maleriet. Reproduksjonen vart seld for kr. 5 til inntekt for laget, og ennå finst denne reproduksjonen i ein del heimar i Volda.

Kven var Georg Saal?

Maleriet var laga av Georg Saal, fødd i Koblenz i Tyskland i 1817. I 1842 drog han til Düsseldorf for å studere ved kunstakademiet der. Studietida varde fram til 1848. Saal var elev i klassen for landskaps-maleri. Same år som Saal kom til Düsseldorf, kom nordmannen Hans Fredrik Gude dit. Han begynte på same studium som Saal, i same klasse, med dei same lærarane. I den same perioden var også andre norske studentar i Düsseldorf, som Johann Fredrik Eckersberg og August Cappelen. Begge vart markerte landskapsmalarar. I tillegg til samvære i studiesituasjonen, var studentane mykjer i lag i studentklubben i byen, slik at dei vart godt kjende.

Det er tydeleg er Saal vart påverka av dei norske studentane si interesse for norsk natur og deira arbeid med motiv frå Norge. Han gjorde derfor ein studietur til Norge i 1847. Seinare blei det fleire turar. Det er tydeleg at det var kystnaturen som interesserte Saal mest. Mange av dei tidlege bilda hans har titlar frå Vestlandet. Det er også bilde frå Romsdal. Bakgrunnen for bildet frå Wolden er truleg at Saal sin båtskyss på tur nordover, av ein eller annan grunn, har vore innom Volda. (Er det den som ligg på fjorden?) Liggetida har vore såpass lang at Saal hadde tid til å rusle rundt på staden. Som vanen hans var, har han tatt ei skisse, truleg som akvarell, før reisa gjekk vidare. Heime igjen i atelieret i Tyskland har han plukka fram denne skissa som interessant nok til å vere utgangspunkt for eit maleri i olje.

Litt om bildet

Bilda til Saal viser at han var opptatt av det mektige i naturen. At Rotsethornet var interessant som motiv, er derfor naturleg. Det menneskeskapte blir oftast framstilt som lite og puslete, - den mektige naturen dominerer. Men slik er det ikkje i «vårt» bilde. Stavkyrkja er eit like dominerande element som fjellet. Denne kyrkja må derfor ha vore særleg interessant for Saal. På reisene sine langs kysten er det lite sannsynleg at han har sett ei slik kyrkje. Derfor er truleg stavkyrkja på bildet framstilt slik kunstnaren verkeleg såg den. Den er ikkje bare eit bilde av «konseptet stavkyrkje». Vi må derfor tru at stavkyrkja i maleriet er slik stavkyrkja i Volda var. Dette stemmer også godt med oppmålingar av kyrkja, - oppmålingar som er tatt vare på.

Bildet kjem til Volda

«Wolden i Søndmør» vart ein gong på 1920-talet stilt ut for sal i Wangs kunstsenter i Oslo. Eiulf Schie, som hadde hatt oppvekstår i Volda, oppdaga bildet og kjøpte det. I 1989 sa familien Schie seg villig til å selje bildet. Bildet vart kjøpt for innsamla midlar i Volda, og det er eit klenodium i kunstsamlinga til det som nå er Volda og Ørsta kunstlag.

Kjelder

  • Birkeland, Narve F.: «Wolden i Søndmør» . Voldaminne. Volda 2003
  • Gude, Hans: Livserindringer. Dietrichson, L.: Af Hans Gudes Liv og Værker. Det Norske Aktieforlag.
  • Lexikon der düsseldorfer Malerschule 1819 – 1918. Bruckmann