Georg Saal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
"Wolden i Søndmør" måla av Georg Saal 1856.
Foto: Thor Sivert Heggedal/Volda og Ørsta Kunstlag

Georg Saal var ein tysk kunstnar, fødd i Koblenz i 1817. Georg viste tidleg interesse for og evne til teikning. Dette blei stimulert i oppveksten, og i 1842 drog han til Düsseldorf for å studere ved kunstakademiet der. Akademiet tilbaud ulike studieretningar, og Saal valde klassen for landskapsmaleri. Studietida i Düsseldorf, som varde fram til 1848, og Saal utvikla seg til ein lovande landskapsmalar, og han fekk ein fin karriere som malar etter avslutta utdanning. Han blei m.a. utnemnd som æresmedlem i Kunstakademiet i St. Petersburg, var to gonger utstillar ved Verdsutstillingar i Paris og fekk også gullmedalje ved Salongen i Paris.

Nordmenn i Düsseldorf

I 1841 kom nordmannen Hans Gude til Kunstakademiet i Düsseldorf. Året etter begynte han i klassen for landskapsmaleri, same året som Georg Saal begynte i klassen.

Dei to hadde altså same lærarar og arbeidde i same klasse – som ikkje var særleg stor. Studiet var organisert slik at studentane skulle arbeide saman og lære av kvarandre. Dei to må såleis ha blitt godt kjende, - også fordi studentane ved akademiet hadde ei felles studentforeining og var mykje saman i fritida.

Det var også andre norske studentar i Düsseldorf. Fleire av desse blei framståande landskapsmalarar, som Johann Fredrik Eckersberg og August Cappelen. Men truleg var Gude den som påverka Saal mest. Gude utmerka seg som talentfull student. I ettertid er han vurdert som ein av dei aller fremste landskapsmalarane i Norge. Gude vart hjelpelærar for hovudlæren i studiet, J. W. Schirmer og han begynte tidleg å ha utstillingar i Tyskland. Då ofte med motiv frå Norge i dei utstilte arbeida.

Georg Saal i Norge

Vi må altså tru at Gude var viktigast for Saal si interesse for Norge. Alt før studietida i Düsseldorf hadde Gude hatt studiereiser i Norge. Dette heldt han fram med i studietida og i tida etter. På desse reisene kom han også til Vestlandet, så langt nord som til Sognefjorden. Gude tok med seg vener frå Tyskland på reisene til Norge. Ein av desse venene var Anders Leu d.e. Han gjorde seinare eigne reiser til Norge, i 1847 i lag med m.a. Georg Saal.

Saal må ha blitt fascinert av naturen i Norge. Etter den første reisa i 1847 gjorde han i alle fall to Norges-reiser til. Det ser ut til at reisene hans mest gjekk til Vestlandet. Bildetitlar i litteraturen om Saal tyder på det. Vi finn titlar frå Hardanger, Romsdal, - og Volda. Men reisene hans gjekk endå vidare. Kor langt han kom, viser tittelen på eitt av bilda hans: «Mitternachtsonne am Nordkapp».

Bildet frå Volda har tittelen «Wolden i Søndmør» og er datert 1856. Dette er det einaste Saal-bildet som vi veit er i Norge. Det vart kjøpt til Volda i 1989 og blei gitt til Volda Kunstlag same året.

Georg Saal døydde i Baden-Baden i 1870.

Kjelder

  • Birkeland, Narve F.: «Wolden i Søndmør». Voldaminne. Volda 2003
  • Gude, Hans Fredrik: Livserindriner (1899).
  • Dietrichson, L.: Af Hans Gudes Liv og Værker. Det norske aktieforlag
  • Lexikon der düsseldorfer Malerschule 1819 – 1919. Bruckmann
  • «Georg Saal»Wikipedia på engelsk