«Wolden i Søndmør»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
"Wolden i Søndmør" måla av Georg Saal 1856.
Foto: Thor Sivert Heggedal/Volda og Ørsta Kunstlag

«Wolden i Søndmør» er tittelen på eit maleri ein i Volda vart kjend med ein gong på 1920-talet. Det viste Volda sentrum midt på 1850-talet. Maleriet var interessant som det eldste bildet frå Volda. Særleg interessant fordi maleriet viste den gamle stavkyrkja som vart tatt ned i 1858. Soknet måtte då ha ei større kyrkje. Det eldste prospektet frå Volda, som til då var kjent, var eit foto frå 1862 ved Waldemar Thrane. Volda Sogelag sikra seg retten til å lage ein reproduksjon av maleriet. Reproduksjonen vart seld for kr. 5 til inntekt for laget, og ennå finst denne reproduksjonen i ein del heimar i Volda.

Georg Saal

Utdjupande artikkel om Georg Saal.

Maleriet var laga av Georg Saal, fødd i Koblenz i Tyskland i 1817. I 1842 drog Saal for å studere ved kunstakademiet i Düsseldorf. Studietida varde fram til 1848. Saal var elev i klassen for landskapsmaleri. Han var ein dyktig student, og han utvikla seg til ein anerkjend og merittert landskapsmalar i Tyskland. Saal døydde i 1870.

Saal og Norge

Gjennom studiet vart Saal kjend med nordmannen Hans Gude. Gude kom til Düsseldorf, og begynte i klassen for landskapsmaleri same året som Georg Saal. Dei to arbeidde saman i eit studium som var lagt opp slik at studentane skulle arbeide i lag og hjelpe kvarandre. Gude markerte seg ved akademiet. Han brukte ofte motiv frå Norge i arbeida sine. Gude tok også med seg vener frå Tyskland på studiereiser til Norge.

Gjennom denne kontakten blei Georg Saal interessert i norsk natur. Han gjorde den første studiereisa si hit i 1847, og gjentok dette i alle fall to gonger seinare. Reisene gjekk mest til Vestlandet. Men han drog også heile kysten vidare til Finnmark. På ei av desse reisene har han altså kome til Volda. Her har han hatt tid nok til å ta ei skisse som seinare vart til maleriet «Wolden i Søndmør». Kanskje det er båten ute på fjorden, som skal ta Saal vidare på reisa?

Om maleriet

Arbeida til Saal viser at han var opptatt av det mektige i naturen. At fjellet Rotsethornet ved Volda sentrum var eit interessant motiv, er derfor naturleg. Saal framstiller ofte det menneskeskapte som lite og puslete – den mektige naturen dominerer. Men slik er det ikkje i «vårt» bilde. Stavkyrkja er også eit dominerande element i maleriet. Denne kyrkja må derfor ha vore særleg interessant for malaren. På reisene sine langs kysten er det lite truleg at Saal har sett ei slik kyrkje. Derfor er truleg stavkyrkja på bildet framstilt slik kunstnaren verkeleg såg den. Den er ikkje bare ei framstilling av «konseptet stavkyrkje». Dette blir styrka ved at Saal si framstilling stemmer godt med oppmålingar av kyrkja i sann tid, - oppmålingar som er tatt vare på. Dette gjorde altså maleriet ekstra interessant for folk i Volda.

Maleriet kjem til Volda

«Wolden i Søndmør» vart ein gong på 1920-talet stilt ut for sal i Wangs kunstsenter i Oslo. Eiulf Schie, som hadde hatt oppvekstår i Volda, såg maleriet og kjende igjen motivet. Og han kjøpte det. I 1989 sa familien Schie seg villig til å selje maleriet. Det vart kjøpt for innsamla mildar i Volda og vart eit klenodium i kunstsamlinga til Volda Kunstlag. Volda Kunstlag er nå ein del av Volda og Ørsta Kunstlag. Maleriet er seinare i ulike samanhengar blitt brukt for å vise «gamle Volda».

Kjelder

  • Birkeland, Narve F.: «Wolden i Søndmør». Voldaminne. Volda 2003.
  • Nerbøvik, Jostein: Udatert notat.
  • Gude, Hans: Livserindringer (1899).
  • Dietrichson, L.: Af Hans Gudes Liv og Værker. Det norske Aktieforlag
  • Lexikon der düsseldorfer Malerschule 1019 – 1919. Bruckmann


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg «Wolden i Søndmør» er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.