Gerhard Gran

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mar. 2018 kl. 08:58 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (Ny side: Gerhard Gran (fødd 9. desember 1856 i Bergen, død 7. april 1925 i Oslo) var litteraturhistorikar. Foreldra var kjøpmann og konsul Christen Knagenhjelm Gran (1822–99) og Constance Mo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerhard Gran (fødd 9. desember 1856 i Bergen, død 7. april 1925 i Oslo) var litteraturhistorikar. Foreldra var kjøpmann og konsul Christen Knagenhjelm Gran (1822–99) og Constance Mowinckel (1827–89). Han gifta seg i 1887 med Maren Elisabeth Bull Sømme (1857–1930).

Han vart student frå Bergen katedralskole i 1875, studerte deretter filologi ved universitetet i Kristiania og vart cand. mag. 1881. Frå same år var han lærar i heimbyen, til han i 1900 vart utnemnd til professor i nordisk litteraturhistorie ved universitetet i Kristiania. Her hadde han arbeidet sitt fram til 1919.

Saman med Jørgen Brunchorst grunnla Gran det allmennkulturelle tidsskriftet Samtiden i 1889. I 1914 grunnla han det litteraturviskaplege tidsskriftet Edda. Dessutan var det han som gjorde opptaket til Norsk biografisk leksikon. Gran var såleis ein kulturell nasjonsbyggjar og fekk ein eineståande posisjon i det litterære livet her til lands.

Han hadde eit stort ofagleg forfattarskap og var ein framifrå formidlar. Dei fire esaaysamlingane hans - Norsk aandliv i hundrede aar I–III og Fremmed aandsliv har hatt eit langt liv.

Kjelder og litteratur

  • Bull, Francis: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 4. 1929.
  • Aarnes, Sigurd Aa.: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 3. 2001.