Gjerde Fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. apr. 2013 kl. 07:40 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Gjerde Fabrikker var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert av Josef Marvin Karlsen Gjerde, (f. 1910 i USA, d. 1999) i 1938. Første tida gjekk bedrifta under namnet Gjerde Trevarefabri...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerde Fabrikker var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert av Josef Marvin Karlsen Gjerde, (f. 1910 i USA, d. 1999) i 1938. Første tida gjekk bedrifta under namnet Gjerde Trevarefabrikk.

Josef Gjerde var fødd i USA men kom frå Amerika til Jarnes 4½ år gammal saman med mora si. Faren kom heim to år etter. Josef Gjerde reiste i ung alder til Amerika att og var der til 1934. Han byrja i arbeid på fabrikk, men i 1938 var han tilbake i Sykkylven og tok til med eiga verksemd i kjellaren heime. Aksjekapitalen var på 6750 kroner, og den vart fordelt likt mellom fire medeigarar.

Første produkta var klosettseter i tre. Seta vart selde gjennom grossistforretningar i sanitærbransjen. Månadsproduksjonen ved Gjerde-fabrikken kom etter kvart opp i 500 sete.

Alt året etter bygde han eige fabrikkbygg nær tunet. To år seinare bygde han eit større bygg nede ved sjøen, og i 1957 eit anna stort fabrikk bygg i betong. Produksjonen var først stolar, men så gjekk han over til fabrikasjon av glasfiberartiklar saman med broren Konrad Gjerde. Av produkta kan nemnast kasteslukstenger og skistavar.

Vart avvikla i 1976 og Ekornes kjøpte anlegget.