Gjerden (Bykle gnr 15): Forskjell mellom sideversjoner

korr.
m (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(korr.)
Linje 987: Linje 987:
Etter at Tarjei var borte overtok sonen garden. Han heitte Åvold Tarjeisson. Me kjem attende til familien hans i bolken om [[Der Inne (Bykle gnr 15/3)|Der Inne]]. Åvold er oppførd som eigar av 2 huder i garden i odelsmanntalet frå 1624. Han åtte også 1 1/2 kalveskinn i [[Hoslemo (Bykle gnr 4-5)|Hoslemo]], står det. Men Gjerden var på 2 1/2 hud, og det tilseier at her skulle vera 6 skinn til, som då var på andre hender. Merkeleg nok gjev den nemnde kjelda i staden opp 16 1/2 skinn til som skal høyre under denne garden. Av desse åtte Håvard [Torjusson] Holum i Valle 15 skinn, står det, og Torjus Holum 1 1/2 skinn. Men at Gjerden på denne tid skulle ha ei skyld på 40 1/2 skinn må vera ei rein feilføring. Me trur heller ikkje at holumbøndene åtte noko her, dei 16 1/2 skinna deira låg nok ein annan stad. Åvold og far hans hadde medeigarar, men dei budde ikkje i [[Holum (Valle)|Holum]].  

I bolken om [[Tveiten (Bykle gnr 11)|Tveiten]] har me vore inne på at Tarjei Auversson Kyrvestad åtte 10 nottungar i Gjerden kring 1630, som han delvis hadde ervt gjennom kona si, som var var av [[Rike (Valle)|Rike-ætta]], og delvis kaupt i hop frå medervingane hennes. Me vil tru at denne parten, som svarar til 5 kalveskinn skyldeige, medan han burde vore på 6, hadde hamna hjå Rike-ætta gjennom Åshild Kjetilsdotter (Byklum), kona åt Gjermund Asbjørnsson Rike. Me har ikkje beinveges kjeldeoppgåver om alle heimelsovergangane, og kven som åtte det eine skinnet me vantar oppgåve om i 1630, er også uvisst, men når me på 1640-t alet finn Knut og Gjermund Lavrantssøner Rike, sonesønene åt Gjermund og Åshild, (jfr ''Valle'' V, 95), som eigarar av 1/2 hud i Gjerden, ser det ut som ei tydeleg melding om kvar det hadde vorte av dei 6 skinna Åvold vanta i 1624.  
I bolken om [[Tveiten (Bykle gnr 11)|Tveiten]] har me vore inne på at Tarjei Auversson Kyrvestad åtte 10 nottungar i Gjerden kring 1630, som han delvis hadde ervt gjennom kona si, som var av [[Rike (Valle)|Rike-ætta]], og delvis kaupt i hop frå medervingane hennes. Me vil tru at denne parten, som svarar til 5 kalveskinn skyldeige, medan han burde vore på 6, hadde hamna hjå Rike-ætta gjennom Åshild Kjetilsdotter (Byklum), kona åt Gjermund Asbjørnsson Rike. Me har ikkje beinveges kjeldeoppgåver om alle heimelsovergangane, og kven som åtte det eine skinnet me vantar oppgåve om i 1630, er også uvisst, men når me på 1640-t alet finn Knut og Gjermund Lavrantssøner Rike, sonesønene åt Gjermund og Åshild, (jfr ''Valle'' V, 95), som eigarar av 1/2 hud i Gjerden, ser det ut som ei tydeleg melding om kvar det hadde vorte av dei 6 skinna Åvold vanta i 1624.  

På 1620-talet låg Åvold i rettssaker, fyrst med vallepresten, og sidan med Kjetil Byklum, morbror sin, om bruken av kyrkjejorda i Byklum. Dette har me fortalt om i kapittelet om [[Byklum (Bykle gnr 14)|den udela Byklumgarden]], der det også går fram at Åvold tapa mot presten, men etterpå vann att det tapte frå morbroren. Men her var det tale om pengar, ikkje om gardpartar som skifte hender, og det ser ut til at Åvold heldt fram med å bruke dei 6 kalveskinna med jord i Byklum som høyrde kyrkja til etter dei nemnde rettssakene.  

Veiledere, Administratorer
173 140

redigeringer