Gjestheim Hospits

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. apr. 2020 kl. 06:43 av Kallrustad (samtale | bidrag) (kategoriar, {{nn}}, noverande kommune)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjestheim Hospits låg på Gvarv i noverande Midt-Telemark kommune. Gjestgiveriet låg like ved hovudvegen, om lag 5 minuttar frå Gvarv stasjon. Det var systrane Solveig og Marie Nilsen som egde og dreiv gjestgiveriet. Dei tok imot både faste og gjennomreisande gjester. Her fanst også ein robåt som gjestene fritt kunne låne.[1]

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 875.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.