Grøslistua

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. sep. 2013 kl. 10:47 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (Ny artikkel, førebels under arbeid!)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Grøslistua på Norsk Folkemuseum er ei stue frå søre Grøsli i Flesberg. Ho er ei treroms peisestue, med forstue, stue og kove. Ho var ei av dei fyrste peisestuene i Numedal.

Historie

Stua vart antakelig bygd av Hallvard eller Halvord Grøsli, som eigde garden frå 1604 til 1653. Hallvard var ein rik bonde: Under Kalmarkrigen var han ein av tre menn i Flesberg som ikkje berre betalte vanlege skattar, men også utstyrte ein soldat, [1] og i 1626 åtte han partar i fjorten gardar, fem av dei i andre bygder enn Flesberg, og til saman var verdien på desse gardpartane 8 huder, 3 skinn og 15 lispund.[2] Hallvard var gift med Barbru Sjurdsdotter, og dei fekk tre born.

Det er ikkje kjent akkurat kva år Hallvard bygde stua, men dendrokronologisk datering har påvist at tømmeret åt stua vart hogd i 1631.[3] Museet opplyser «ca. 1650» som byggeår, men det er meir sannsynleg at ho vart bygd i løpet av 1630-talet. Stua har ei høgsetetavle frå 1633, og man har freista å datere stua til det året på det grunnlaget, noko som slett ikkje er sikkert.[4]

I 1644 vart tinget haldi på Grøsli, og da er stua nemnt som «Grøslie Almindelige Thingstue».[5] Hallvard døde i 1653, og sonen Sigurd Hallvardson tok over garden.

I byrjinga av 1700-talet var det to brør som eigde Grøsligarden etter kvarandre, nemleg Hellek Hellekson Grøsli (1698-1737) og Sjurd Hellekson Grøsli (1702-1776). Desse brørne ser ikkje ut til å ha vori etterkommarar av Hallvard Grøsli som bygde stua. Hellek gjorde forbetringar på garden for til saman 92 dalar, og 32 dalar vart nytta på stuguhuset åleine. Ifylgje Vinger: «Stuguhuset, det samre som sto her da han kom, er tekt med nytt spontak over begge stugune, og den søre stugo er blitt forsynt med nye benkar og nytt gølv, og i den nørdre stugo er det bygd ny skorstein».[6] Broren Sjurd skal ifylgje Vinger ha «laga noko av inventaret som fins i Grøslistugo i dag, og like eins er vel dynnane frå kjørkja noko han har fått sett inn».[7]

I februar 1895 selte bonden Hellek Hellekson Grøsli (1823-1903) stua til (?) for 1150 kroner, og ho vart oppført på Norsk Folkemuseum i 1899. I dag står det ein hovudbygning frå 1903 på Grøsli, [8] mens Grøslistua har vorti ein viktig bygning for museet når det gjeld formidling av historie.

Referansar

  1. Vinger, 1989, side 502.
  2. Flatin, 1923, side 198.
  3. Eidem, 1955/1956, side 152.
  4. Hauglid, 1945, side 63.
  5. Vinger, 1989, side 502.
  6. Vinger, 1989, side 507.
  7. Vinger, 1989, side 507.
  8. Vinger, 1989, side 510-511.

Litteratur

  • Per Eidem. «Grøslistua fra Flesberg i Numedal. En dendrokronologisk tidfesting.» I By og Bygd X, Norsk Folkemuseums årbok 1955/1956.
  • Tov Flatin. Flesberg - fraa dei eldste tidir til no, band II. Olaf Norlis forlag, Kristiania, 1923.
  • Roar Hauglid. «Stua fra Søre Grøsli i Flesberg.» I By og Bygd III, Norsk Folkemuseums årbok 1945.
  • Sigurd Vinger. Flesberg-boka : bustad og ætt - band 1. Flesberg kommune, 1989.