Grøslistua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grøslistua på Norsk Folkemuseum.
Foto: Chris Nyborg (2008)
Grøslistua var ei av dei fyrste peisestuene i Numedal.
Foto: Chris Nyborg (2008)
Vogga og senga i stua. Panela øvst på senga skal opphavlig vera frå Flesberg stavkyrkje.
Foto: Chris Nyborg (2008)

GrøslistuaNorsk Folkemuseum er ei stue frå søre Grøsli i Flesberg. Ho er ei treroms peisestue, med forstue, stue og kove. Ho var ei av dei fyrste peisestuene i Numedal.

Historie

Stua vart antakelig bygd av Hallvard eller Halvord Grøsli, som eigde garden frå 1604 til 1653. Hallvard var ein rik bonde: Under Kalmarkrigen var han ein av tre menn i Flesberg som ikkje berre betalte vanlege skattar, men også utstyrte ein soldat, [1] og i 1626 åtte han partar i fjorten gardar, fem av dei i andre bygder enn Flesberg, og til saman var verdien på desse gardpartane 8 huder, 3 skinn og 15 lispund.[2] Hallvard var gift med Barbru Sjurdsdotter, og dei fekk tre born.

Det er ikkje kjent akkurat kva år Hallvard bygde stua, men dendrokronologisk datering har påvist at tømmeret åt stua vart hogd i 1631.[3] Museet opplyser «ca. 1650» som byggeår, men det er meir sannsynleg at ho vart bygd i løpet av 1630-talet. Stua har ei høgsetetavle frå 1633, og man har freista å datere stua til det året på det grunnlaget, noko som slett ikkje er sikkert.[4]

I 1644 vart tinget haldi på Grøsli, og da er stua nemnt som «Grøslie Almindelige Thingstue».[5] Hallvard døde i 1653, og sonen Sigurd Hallvardson tok over garden.

I byrjinga av 1700-talet var det to brør som eigde Grøsligarden etter kvarandre, nemleg Hellek Hellekson Grøsli (1698-1737) og Sjurd Hellekson Grøsli (1702-1776). Desse brørne ser ikkje ut til å ha vori etterkommarar av Hallvard Grøsli som bygde stua. Hellek gjorde forbetringar på garden for til saman 92 dalar, og 32 dalar vart nytta på stuguhuset åleine. Sigurd Vinger, bygdebokforfattar for Flesberg, skildrar det slik: «Stuguhuset, det samre som sto her da han kom, er tekt med nytt spontak over begge stugune, og den søre stugo er blitt forsynt med nye benkar og nytt gølv, og i den nørdre stugo er det bygd ny skorstein».[6] Broren Sjurd skal ifylgje Vinger ha «laga noko av inventaret som fins i Grøslistugo i dag, og like eins er vel dynnane frå kjørkja noko han har fått sett inn».[7]

I februar 1895 selte bonden Hellek Hellekson Grøsli (1823-1903) stua til (?) for 1150 kroner, og ho vart oppført på Norsk Folkemuseum i 1899. I dag står det ein hovudbygning frå 1903 på Grøsli, [8] mens Grøslistua har vorti ein viktig bygning for museet når det gjeld formidling av historie.

Interiør

Da Grøslistua vart flytta til Norsk Folkemuseum, kom etter kvart også det meste av interiøret som hadde vori i stua der ho stod.[9] Det meste av dette er frå enten 1700-talet eller 1800-talet. I sjølve stua i dag står det ein skåpseksjon til høgre når ein kjem inn, der det midterste skåpet kan slåst ut til ei seng. Vidare mot sola finn ein høgsetet og eit kråskåp i hjørnet, eit langbord og ein langbenk, vidare ei golvklokke og ei vogge. I hjørnet diagonalt motsett for inngangsdøra står senga, og til venstre står eit par stolar og ei «skivju», som er eit bord som kan slåst opp til veggen når det ikkje er i bruk. I det siste hjørnet står peisen. Både peisen og sjølve storleiken på stua vitnar om kor rik Hallvard Grøsli var.

Interiøret omfattar nokre element som har komi frå Flesberg stavkyrkje, nemlig høgsetetavla, panela på senga, og to identiske dører. Den eine av dørene leder frå stua inn til kova, mens den andre opphavlig leda ut i forstua - denne er no tatt ut og erstatta av ei gitterdør med tanke på formidlinga. Høgsetetavla ber inskripsjonen: «Herren er ner hos ale dem som kale paa ham. Den 14 september Anno 1633.» Seinare riksantikvar Roar Hauglid meinte det trulig var ovannemnte Sjurd Hellekson Grøsli som fekk skaffa ho i 1735, da kyrkja vart ombygd. Under eit lag med rosemåling som mest sannsynlig er frå 1780-åra er tavla umåla, og sidan kyrkja vart måla innvendig i 1737, er det sannsynlig at Sjurd fekk tavla med seg før den tid.[10]

Dørene er i ganske rein renessansestil, men likevel datert til 1735 ifylgje Hauglid. Han meinte dette var eit eksempel på korleis enkelte handverkarar kunne vera meir tradisjonsbundne enn andre. Ei tredje, heilt makan dør finst bevart i kyrkja.[11] Hauglid argumenterte vidare for at korkje dørene eller høgsetetavla kan ha vori del av det opphavlige interiøret i stua, og underbygde det med at dei hadde merke etter å ha vorti flytta.[12]

Vindauga stua har i dag er frå tidlig 1800-tal, og har tresprossar. Opphavlig hadde stua vindauge med blysprossar, og desse var mindre. Hallvard skal ha dregi til Amsterdam for å skaffe seg dei.

Referansar

  1. Vinger, 1989, side 502.
  2. Flatin, 1923, side 198.
  3. Eidem, 1955/1956, side 152.
  4. Hauglid, 1945, side 63.
  5. Vinger, 1989, side 502.
  6. Vinger, 1989, side 507.
  7. Vinger, 1989, side 507.
  8. Vinger, 1989, side 510-511.
  9. Stigum, 1957/1958, side 112.
  10. Hauglid, 1945, side 67-68.
  11. Hauglid, 1945, side 65-66 og 69.
  12. Hauglid, 1945, side 64-65.

Litteratur

  • Per Eidem. «Grøslistua fra Flesberg i Numedal. En dendrokronologisk tidfesting.» I By og Bygd X, Norsk Folkemuseums årbok 1955/1956.
  • Tov Flatin. Flesberg - fraa dei eldste tidir til no, band II. Olaf Norlis forlag, Kristiania, 1923.
  • Roar Hauglid. «Stua fra Søre Grøsli i Flesberg.» I By og Bygd III, Norsk Folkemuseums årbok 1945.
  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.
  • Hilmar Stigum. «Datering av hus i Numedal.» I By og Bygd XII, Norsk Folkemuseums årbok 1957/1958.
  • Sigurd Vinger. Flesberg-boka : bustad og ætt - band 1. Flesberg kommune, 1989.