Gravevegen (Bø i Telemark)

Gravevegen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune går vest- og sørover frå vegen Sandamoen til gardane Grave nordre. Ovanfor gardane er vegen stengd med bom. Herfra går det skogsveg vidare opp Gravedalen og Kleivine til Gautitjønna.

Gravevegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen fekk namn etter Gravegardane i 1997 og er omlag ein km lang opp til bommen. Skogsvegen herifrå og fram til Gautiltjønna er 3 km.

I 1996 blei vegen namnsett Gautilvegen fram til Gautiltjønna, men endra året etter til Gravevegen etter klage frå bebuarane. Ein meinte at vegen burde heite Gravevegen etter gardane i nærleiken. Utvalet for natur, teknikk og næring gjekk inn for å omdøype vegen til Gravevegen. Om vegen vidare frå gardane til Gautiltjønna no kallas Gautilvegen, Gravevegen – eller ikkje noko, har ein ikkje greid å finne ut av.

Kjelder


Koordinater: 59.41540° N 8.90578° Ø