Greip

Sideversjon per 7. sep. 2015 kl. 11:52 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Greip.JPG|Greip frå Telemark, skaftet manglar.|Anne Brit Flatin Borgen}} Eit '''greip''' er eit landbruksreiskap med ståltinder som nyttast til vending av jord, spreiing av...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Eit greip er eit landbruksreiskap med ståltinder som nyttast til vending av jord, spreiing av gjødsel, lessing av potetar med meire.

Greip frå Telemark, skaftet manglar.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen

Det finst fleire vanlege sorter greip: Spadegreip til vending av jord har gjerne fire flate tinder, gjødselgreip har gjerne fem eller seks tynne tinder og potetgreip har gjerne seks til ti tynne tinder med ei kule i enden så ein ikkje stikk hol på rotvekstane.

Ein kan også nytte eit greip som høygaffel, men slike har gjerne berre tre tinder og ein litt annan utforming.

Kjelder

  • Greip i Store norske leksikon.