Grusgropa på Bjorli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grusgropa i 2009.
Foto: Arnfinn Kjelland

Grusgropa er eit større område på Bøvermoen nokre hundre meter søraust for Bjorli stasjonRaumabanen. Her vart det teke ut store mengder grus under arbeidet med jernbaneutbygginga. Det vart lagt eit sidespor ut i området som grusvognene vart køyrd på. Vognene vart så fylt med handmakt.