Gullstein kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mai 2012 kl. 19:54 av Kiplesund (samtale | bidrag) (Ny side: '''Gullstein kyrkje''' ligg på Tustna i Aure kommune. Det er ei trekyrkje med langplan, bygd i 1869. I 1960 fekk kyrkja elektrisk oppvarming. Den vart pussa opp både inn...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gullstein kyrkje ligg på Tustna i Aure kommune. Det er ei trekyrkje med langplan, bygd i 1869.

I 1960 fekk kyrkja elektrisk oppvarming. Den vart pussa opp både innvendig og utvendig på slutten av 1960-åra.

Interiør

Orgelet er frå 1972. Altertavla vart laga av Nils Nergård i 1939, motivet er Jesu kamp i Getsemane.

I taket i kyrkja finn vi eit såkalla kyrkjeskip. Dette vart gjeve i gåve frå Johannes Berget i 1969.

Kjelder