Gvarvvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gvarvvegen sett austover.
Foto: Roy Olsen (2016).


Gvarvvegen sett sørover mot Gvarv.
Foto: Roy Olsen (2018).

Gvarvvegen i Midt-Telemark kommune går austover frå Bøgata i krysset med Valenvegen i til Strannavegen i krysset med GvarvgataGvarv.

Gvarvegen er ein del av Rv 36 og har namn etter tettstaden Gvarv. I samband med den foreståande kommunesamanslåinga mellom Bø og Sauherad 1. januar 2020 blei Gvarvvegen og Bøvegen i 2018 slått saman til Gvarvvegen. Vegen er om lag 6,5 km lang og blei namnsett frå Bø til den tidlegare kommunegrensa i 1991 og vidare til Gvarv i 2019.

Det meste av vegen går langs Bøelva, og der han passerer Beverøya camping låg i gammal tid ei tømmervelte, «Sperrudvelta», som er eit registrera kulturminne. Hit blei tømmer køyrt med hest for å fløytas vidare på elva til Norsjø.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972, s. 172-173.
  • Kulturminnesøk: Sperrudvelta
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Tilbakemelding til Kartverket: Namn på gjennomgåande vegar ved kommunesamanslåing., 2018.


Koordinater: 59.41087° N 9.07817° Ø