Håland (Kvinesdal gnr. 192)

Sideversjon per 24. mai 2020 kl. 19:09 av AP (samtale | bidrag) (ny tekst)

Håland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 192. Han hadde tidlegare gnr. 23 i Fjotland kommune og i 1838 matrikkelnummer 195.

Håland
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 192
Ant. bruksnr.: 9 (2018)
Type: Matrikkelgard

Geografi

Håland er ein heiegard. Den ligg omlag 3 km vest for Netlandsnes på 500 meters høgde. Dei to bruka på garden ligg i nordenden av Heievatnet, og med Heiefjellet kransande i bakgrunnen.

Garden skiftar med ei heil rekke andre gardar på heia. I søraust møtest tre gardar ved Holmetjødna: Solli, Moland og Håland. Her frå skiftar Håland i aust med Moland til Snøhomheia, så skiftar garden vidare med Netlandsnes over Rysefjellet til Sletafjellet. Her frå snur grensa austover skiftande med Knaben til dagens kommunegrense med Hægebostad (tidlegare Eiken). Over mot Eiken skiftar Håland med Farhommen. Etter å ha følgd kommunegrensa nokre kilometer sørover, snur grensa sørvestover og følgjer terrenget tilbake til Homstjødna. Langs med denne skiftar Håland med Eftestøl, Førlandsås, Eikeland og Solli.

Gardsvaldet er prega av mykje hei, men også mange dalar, myrar og små tjern.

Gardsnamnet

Namnet Håland er sett saman av to ledd; Første ledd er hå-, som er avleia av det norrøne adjektivet hár, som vi i dag kjenner som høg. Andre ledd, –land, finn vi mange stadar på Agder, og tyder eng, åker. Det er då ofte snakk om ein del av ein tidlegare gard som er skilt ut for seg. Ein reknar med at dei fleste –landgardane blei skilde ut og rydda under folkevandrings- og merovingertida (500-800 e. Kr.)

Gardsnamnet Håland finn ein igjen ei rekke stadar frå Agder til Sunnfjord. Sør i Kvinesdal, i gamle Feda kommune, ligg og eit Håland.

Bruken av namnet Håland er like fullt interessant. Så seint som i 1886 blei det skrive i matrikkelen at «De under dette Gaards-No. hørende Brug kaldes alm. Heien.» Garden blei altså kalla «Heien» (Heia) på folkemunne. I fleire skriftlege kjelder finn ein også namnet Udbjørsheia. Ein kan tenkja seg at det opphavelege namnet på garden var Håland. I seinmellomalderen vart garden liggjande øyde og Udbjørsheia blei namnet då dei tok opp garden att på 1600-talet. Då hadde garden blitt nytta som støl og slåttemark ei tid. Ein finn namnet Udbjørsheia blant anna i ei rettskjelde frå 1682.

Håland blei likevel verande det offisielle namnet i matriklar og jordebøkar. Dette viser ein kontinuitet i forvaltninga av skattesystemet gjennom fleire hundre år tilbake til høgmellomalderen (1130-1350 evt.). Samstundes er det interessant at etter kvart som den skriftlege kulturen blei sterkare utover på 1900-talet, så kom namnet Håland tilbake og er no namnet som blir nytta om garden.

Jernslagg som er funne ved Heievatnet, kan også tyda på aktivitet tilbake til jernalderen.

Namn i innmark og utmark

Ein av slåttane sør for innmarka på Håland blir i fleire kjelder omtala som «Øygarden» eller «Ødegaarden», blant anna finn vi namnet i ei skyldsettingsforretning frå 1851. Ein øydegard tyder eigentleg eit gardsbruk som hadde blitt flytta frå og øydelagt. Ein kjenner tilsærs mange av desse etter svartedauden og krisetida i seinmellomalderen. Det var dei marginale gardane som først blei forlatne i krisetider, ofte låg dei høgt til fjells. Bygdefolket fortsette likevel å slå graset og nytta innmarka til drift av krøter, eller til støls- og seterdrift. «Øydegard» blei derfor også ei nemning på støl og seter, nokre gonger også på ein slått som hadde bygningar knytte til seg. Derfor kan ein finna gamle slåttemarkar kalla «øygarden» utan at det har vore eit regelrett gardsbruk der.

Namna fortel også om gamle vegfar. Ein har Eptestølvegen til Eftestøl og Åsevegen, som gjekk til Førlandsåsen. Begge desse vegane gjekk sørover. Ein finn også Bubruna over Kvednebekken ved åsen Morgenlaue sør for Ytre Heievatnet.

Nordover frå garden går dalane Heiedalen, Timredalen og Hestedalen.

Fleire namn i utmarka fortel ei historie. I Hålands utmark finn ein Brudesprangbekken.

Kulturminne

Dei fleste registrerte kulturminna på Håland er knytte til stølsbruk i utmarka. Ved den nemnde myrslåtten Øygarden er det tufter etter stølshus. Lenger sør i same dalen har det og vore støl ved nordenden av Langvatnet. Heilt i aust var det setrar ved Spannshommen og Litlårdalsvatnet, desse to har tidlegare lege under Eftestøl, men blei makeskifta til Håland i 1809.

I aust inn ved fjellet Geiteryggen er det fleire spor etter skjerping etter molybden. Desse forsøka blei gjorde omkring første verdskrigen (1914-1918) og var knytte til gruvedrifta og industrien som vaks fram i og rundt Knabengruvene.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I dei offisielle matriklane gjennom 1600- og 1700-talet finn ein informasjon om at folka på Håland hadde skog nok til brennfang . Dei hadde visstnok inga seter, ingen fiskeri, men ei flaumkvern. I 1803 blei det presisert at denne var til å dekka «husbehovet».

Same året, i 1803, har dei og kome i gang med jordepledyrkinga. Dette året sette dei 1 ½ tynne jordeple. Jordeple kom som eit kjærkome tillegg til korndyrkinga mot slutten av 1700-talet. Spesielt på gardar der kornet ofte fraus, var dette ei årviss forsikring om at ein fikk noko utkome. Dei neste åra fekk dei stor fart på jordepledyrkinga og i 1865 dyrka dei 8 tynner. Då var volumet i korndyrkinga og jordepledyrkinga omtrent like stort. Talet på innbyggarar på Håland auka mykje i same perioden, og det blei også skilt ut eit nytt bruk.

Jordbruk og husdyrhald

1665 1723 1865 1939
Korn 5/4 t 2 1/2 t 8 1/2 t
Jordeple 8 t
Hestar 1 2
Storfe 4 5 22
Småfe 6 12 68

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 152 389 195 23 23
skyld 3 kalvskinn 1/2 h 6 engelsk 6 engelsk -
Tal på bruk 2 2 2 2 5 9

Folketal

Auken i talet på menneske på Håland ved inngangen til andre halvdel av 1800-talet samsvarar med liknande utvikling mange stadar i Noreg på denne tida. Denne perioden kom etter at betre barselspleie og nye jorddyrkingsmetodar hadde ført til raskare folkeauke, men kom før utvandringa til Amerika og industrialiseringa førte til at folk flytta ut og busetnadsstrukturen endra seg i by og land. I 1865 var det registrert 25 personar på Håland, i 1900 var dei 9.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
3M 10 25 9

Eigedomsforhold

Dei fleste kjeldene tyder på at Håland har vore øydegard under Øvre Kvinlog fram til midten av 1600-talet. I ei rettssak frå 1682 er det nemnt at ein Kolbein frå Josdal i Tonstad kjøpte «Netland og Risnes, og dend støle Udbora i Øster fiellet» i 1508. Dette kunne tyda på at Håland, også kalla Udbjørsheia, var ein del av dette salet. Som nemnt ovanfor blei dei gamle øydegardane nytta som støler. Dette blei likevel avvist av retten, som stadfesta at Håland hadde kome frå Øvre Kvinlog, og at skyldfolket på Netland ikkje hadde retter i Håland.

Håland har vore bondeeige sidan den blei skild ut i frå Øvre Kvinlog. Første gong me møter garden i dei skriftlege kjeldene er 1647.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Håland Gardseigedom 702 1 mark 26 øre Kolbein Pedersen Peder K. Håland og Tor K. Håland
2 Håland Gardseigedom 703a 0 mark 40 øre Ole Rolvsen Tor K. Håland Husa benyttes som fritidsbustad
3 bruk 2 1838-1851 703b Mads Iversen
4 Håland bruk 2 1851 703c 0 mark 11 øre Sigbjørn Svendsen Svend Osmundsen Mæland
5 Håland bruk 2 1851 703d 0 mark 02 øre Kolbein Pedersen Kolbein Pedersen
6 bruk 2
9 Fjellheim bruk 2 1937 0 mark 40 øre Peder K. Håland

  Håland (Kvinesdal gnr. 192) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.