Håvard Geitestad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Håvard Gunnarson Geitestad''' (1832-1868) var gardbrukar og skulehaldar, døydde ung og enka med fem born utvandra til Amerika. [[Bilde:Gravminne Håvard Geitestad 1.jpg|thumb|Gravminn...)
 
Linje 28: Linje 28:


== Gravminnet til Håvard Geitestad ==
== Gravminnet til Håvard Geitestad ==
 
[[Bilde:Gravminne Håvard Geitestad 2.jpg|thumb|Gravminne Håvard Geitestad front (foto Olav Momrak-Haugan 2010)]]
 
[[Bilde:Gravminne Håvard Geitestad  detalj.jpg|thumb|Gravminnet til Håvard Geitestad med amerikansk familienamn (foto Olav Momrak-Haugan 2010)]]
[[Bilde:Gravminne Gjedestad.jpg|thumb|Gravminne Håvard Geitestad (fotograf Olav Nylid ca. 1920)]]
Ved inngangen til [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland kyrkje]] står det eit gravminne som vekker interesse. Det er av ei utforming som er vanleg på mange amerikanske kyrkjegardar, men ikkje i Noreg. Og denne kolossen er då og kome sendande frå Amerika  frå born som ville gjere ære på ein far som dei sette sers høgt, men som altså ikkje vart med dei over dit.
Ved inngangen til [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland kyrkje]] står det eit gravminne som vekker interesse. Det er av ei utforming som er vanleg på mange amerikanske kyrkjegardar, men ikkje i Noreg. Og denne kolossen er då og kome sendande frå Amerika  frå born som ville gjere ære på ein far som dei sette sers høgt, men som altså ikkje vart med dei over dit.


Linje 43: Linje 44:
</blockquote>
</blockquote>
og på sokkelen på baksida står ''Howard'' slik at det ikkje skal vere tvil om kor denne kjem frå.
og på sokkelen på baksida står ''Howard'' slik at det ikkje skal vere tvil om kor denne kjem frå.


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Sideversjonen fra 28. jul. 2011 kl. 15:48

Håvard Gunnarson Geitestad (1832-1868) var gardbrukar og skulehaldar, døydde ung og enka med fem born utvandra til Amerika.

Gravminne for Håvard Geitestad på Moland kyrkjegard (Foto Olav Momrak-Haugan 2010)

Foreldre

Gunnar Bendikson S. Geitestad (1793-1846) på gnr. 46 Geitestad i Fyresdal vart i 1822 gift med Jorånd Olavsdtr. Sinnes (1802-) frå Kviteseid. Enkja gift att.

Dei hadde 10 born mellom 1822 og 1845, av desse var Håvard den femte i rekkefylgja.


Familie

Håvard Gunnarson S. Geitestad (1832-1868) fekk ein del av søndre Geitestad, gnr. 46/2 Geitestad søndre (midtre), og vart i 1854 gift med Anne Bendiksdtr. Rolleivstad (1831-). Dei var gardbrukarar og Håvard var og skulehaldar. Håvard døydde berre 36 år gamal. Enka fekk sitte i uskifta bu, men selde garden og utvandra i 1872 til Amerika, Hillsboro, N. Dakota, saman med fem born.

a) Gunnar 1855-1933 Utvandra til Amerika 1872. Hillsboro b) Bendik 1857 ” c) Signe 1859 Død same år d) Olav 1860 Utvandra til Amerika 1872 e) Signe 1862 ” f) Jørund 1866 ” Trail Co, N. Dakota

I Amerika tok familien etternamnet Howard.

Bendik Taraldlien skriv i 1910 at Gunnar har forretning i Hillesboro, Olav er i Williston, N. Dakota, og Jørund er skifterettsdomar i Trail Co. Om denne slekta vert det i 2011 gjort grundige undersøkingar. Familien har sterk tilknyting til Moland town og Moland church.


Gravminnet til Håvard Geitestad

Gravminne Håvard Geitestad front (foto Olav Momrak-Haugan 2010)
Gravminnet til Håvard Geitestad med amerikansk familienamn (foto Olav Momrak-Haugan 2010)
Gravminne Håvard Geitestad (fotograf Olav Nylid ca. 1920)

Ved inngangen til Moland kyrkje står det eit gravminne som vekker interesse. Det er av ei utforming som er vanleg på mange amerikanske kyrkjegardar, men ikkje i Noreg. Og denne kolossen er då og kome sendande frå Amerika frå born som ville gjere ære på ein far som dei sette sers høgt, men som altså ikkje vart med dei over dit.

Om ferda til dette gravminnet over Atlanteren og vidare opp til Fyresdal veit vi sers lite, heller ikkje når det vart satt på plass på kyrkjegarden. Det er rimeleg å tru at dette skjedde etter at kanalen vart opna i 1892 slik at transporten til Bandaksli vart enklare. Det er ein sers tung koloss. Opp Bandakslikleivane måtte det vere tungt for hestar og folk. Men borna satsa nok alt på at den skulle kome på plass. Fotograf Olav Nylid tok eit fotografi ca. 1920 så det er mogleg på denne tida støtta kom til kyrkjegarden.

På gravminnet står:

HAAVOR GUNDERSEN GJEDESTAD Født 9. Apr. 1832 Død 30. Mai 1868

Joh. Ev. 3.16. Joh. Aab. 14.13

og på sokkelen på baksida står Howard slik at det ikkje skal vere tvil om kor denne kjem frå.

Kjelder

Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992

Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Folketeljinga i 1865 fo 0831 Moland