Hærkystbatteriet på Berkneset: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
m (retta onlyinclude-koden) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>{{thumb | Berkneset.jpg|Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya|Arnfinn Kjelland|2009}}'''[[Hærkystbatteriet på Berkneset]]''' i [[Volda]] vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på [[Berkneset (Volda)|Berkneset]] i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av [[Festung Norwegen]]. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, [[Hærkystregiment 976]], som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på [[Sunnmøre]].<ref>Flatmark s. 9.</ref> | <onlyinclude>{{thumb | Berkneset.jpg|Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya|Arnfinn Kjelland|2009}}'''[[Hærkystbatteriet på Berkneset]]''' i [[Volda]] vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på [[Berkneset (Volda)|Berkneset]] i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av [[Festung Norwegen]]. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, [[Hærkystregiment 976]], som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på [[Sunnmøre]].<ref>Flatmark s. 9.</ref> | ||
Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til [[Yksnøya (Volda)|Yksnøya]] utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.<ref>Hasle s. 270f.</ref> | Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til [[Yksnøya (Volda)|Yksnøya]] utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.</onlyinclude><ref>Hasle s. 270f.</ref> | ||
Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og [[Ørsta]], dei tyske høyrde til i [[Organisation Todt]]. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.<ref>Alme s. 45f, Flatmark s. 87.</ref> | Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og [[Ørsta]], dei tyske høyrde til i [[Organisation Todt]]. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.<ref>Alme s. 45f, Flatmark s. 87.</ref> |
Sideversjonen fra 7. apr. 2011 kl. 10:54
Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre.[1]
Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.[2]
Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og Ørsta, dei tyske høyrde til i Organisation Todt. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.[3]
Bevæpninga på Berkneset var i 1943 fire 10,5 cm feltkanonar forutan maskingevær og mitraljøsar. På slutten av krigen var det i tillegg kome ei 7,5 cm feltkanon, ei 2,5 cm panservernkanon og to 2,5 cm luftvernkanonar.[4]
Batteriet på Berkneset hadde som hovudoppgåve å sikre den indre skipsleia langs Storfjorden. Det var ikkje i direkte kamp. Men under flyangrepet i Ørstafjorden 5. desember 1944 opna luftvernkanonane eld mot dei allierte flya, utan nemnande verknad.[5] Det same gjeld flyangrepet i Dalsfjorden 23. mars 1945.
Batteriet vart nedlagt ved kapitulasjonen i mai 1945. Tyskarane vart likevel verande fleire veker på Berkneset, først og fremst for å rydde vekk piggtråd og store mengder landminer. Fleire installasjonar (kanonfundament, bunkrar o.l.) frå verksemda er framleis (i 2011) synlege.
Litteratur
- Alme, Bjarte 1984: HKB 35/976 «Birkenes». Festninga på Berkneset i krigshistorisk perspektiv. Voldaminne s. 38–50.
- Flatmark, Olav 1994: Sunnmøre i Festung Norwegen. En oversikt over tysk virksomhet 1940–45. Snøhetta forlag a.s. s. 87–91.
- Hasle, Kari 2009: Lidabygda. Busetnadssoga for Volda. Band 5.