Hærkystbatteriet på Berkneset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: <onlyinclude>{{thumb | Berkneset.jpg|Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya|Arnfinn Kjelland|2009}}'''Hærkystbatteriet på Berkneset''' i Volda vart bygd opp a...)
 
mIngen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
[[Kategori: Festningsverk]]
[[Kategori: Festningsverk]]
[[Kategori: Festung Norwegen]]
[[Kategori: Festung Norwegen]]
{{F1}}

Sideversjonen fra 7. apr. 2011 kl. 06:42

Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre.[1]

Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.[2]

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og Ørsta, dei tyske høyrde til i Organisation Todt. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.[3]

Bevæpninga på Berkneset var i 1943 fire 10,5 cm feltkanonar forutan maskingevær og mitraljøsar. På slutten av krigen var det i tillegg kome ei 7,5 cm feltkanon, ei 2,5 cm panservernkanon og to 2,5 cm luftvernkanonar.[4]

Batteriet på Berkneset hadde som hovudoppgåve å sikre den indre skipsleia langs Storfjorden. Det var ikkje i direkte kamp. Men under flyangrepet i Ørstafjorden 5. desember 1944 opna luftvernkanonane eld mot dei allierte flya, utan nemnande verknad.[5] Det same gjeld flyangrepet i Dalsfjorden 23. mars 1945.

Etter kapitulasjonen vart tyskarane verande fleire veker på Berkneset, først og fremst for å rydde vekk piggtråd og særleg store mengder landminer.

Litteratur

  • Alme, Bjarte 1984: HKB 35/976 «Birkenes». Festninga på Berkneset i krigshistorisk perspektiv. Voldaminne s. 38–50.
  • Flatmark, Olav 1994: Sunnmøre i Festung Norwegen. En oversikt over tysk virksomhet 1940–45. Snøhetta forlag a.s. s. 87–91.
  • Hasle, Kari 2009: Lidabygda. Busetnadssoga for Volda. Band 5.

Referansar

  1. Flatmark s. 9.
  2. Hasle s. 270f.
  3. Alme s. 45f, Flatmark s. 87.
  4. Flatmark s. 88.
  5. Alme s. 45, 48f.