Hærkystbatteriet på Berkneset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre.[1]

Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.[2]

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og Ørsta, dei tyske høyrde til i Organisation Todt. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.[3]

Bevæpninga på Berkneset var i 1943 fire 10,5 cm feltkanonar forutan maskingevær og mitraljøsar. På slutten av krigen var det i tillegg kome ei 7,5 cm feltkanon, ei 2,5 cm panservernkanon og to 2,5 cm luftvernkanonar.[4]

Batteriet på Berkneset hadde som hovudoppgåve å sikre den indre skipsleia langs Storfjorden. Det var ikkje i direkte kamp. Men under flyangrepet i Ørstafjorden 5. desember 1944 opna luftvernkanonane eld mot dei allierte flya, utan nemnande verknad.[5] Det same gjeld flyangrepet i Dalsfjorden 23. mars 1945.

Batteriet vart nedlagt ved kapitulasjonen i mai 1945. Tyskarane vart likevel verande fleire veker på Berkneset, først og fremst for å rydde vekk piggtråd og store mengder landminer. Fleire installasjonar (kanonfundament, bunkrar o.l.) frå verksemda er framleis (i 2011) synlege.

Litteratur

  • Alme, Bjarte 1984: HKB 35/976 «Birkenes». Festninga på Berkneset i krigshistorisk perspektiv. Voldaminne s. 38–50.
  • Flatmark, Olav 1994: Sunnmøre i Festung Norwegen. En oversikt over tysk virksomhet 1940–45. Snøhetta forlag a.s. s. 87–91.
  • Hasle, Kari 2009: Lidabygda. Busetnadssoga for Volda. Band 5.

Referansar

  1. Flatmark s. 9.
  2. Hasle s. 270f.
  3. Alme s. 45f, Flatmark s. 87.
  4. Flatmark s. 88.
  5. Alme s. 45, 48f.

Koordinater: 62.21997° N 5.93467° Ø