Høydal notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. des. 2009 kl. 19:39 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Ny side: Høydal notlag, det var 14 partar som eigde laget. Det var alle fire bruka i Høydalsvikane, - Midgarden og Bakkane. Øvsteberget og to halvpartar i Nedsteberget. Alle fire bruka på Bøen …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Høydal notlag, det var 14 partar som eigde laget. Det var alle fire bruka i Høydalsvikane, - Midgarden og Bakkane. Øvsteberget og to halvpartar i Nedsteberget. Alle fire bruka på Bøen og to på Høydalsneset.

Rett etter krigen (1945) var det bra sildefiske i fjordane her og optimismen var stor. Då vart det investert i både båtar, naust og nøter. Men i slutten av femtiåra spakna optimismen og litt om senn vart det slutt. På oppgjerdsskjema for 1951 er ikkje inste Høydalsneset (85/1) med lenger. Mange lister manglar så årstal kan vera vanskeleg å sei sikkert. I rekneskap for 1952 er fire partar i Høydalsvik betalt ut, og dei to halvpartane i Nedsteberget har vorte heil part på 83/2. Det var då att 8 partar og dei beheldt namnet, Høydal notlag.


Notbåten som var rett etter krigen var berekna for årar, to par. Eit av årepara var berekan for to mann på åra. Båten var alt då gamal men kor gamal er ikkje lett å fastslå . Bak bakarste åreromet på notbåten var ei kraftig tofte som notspelet stod på. Det var hengsla så ein la det ned framover for at det ikkje skulle vera til hinder når ein rodde. Som vanleg var det rull bak til bruk når nota vart sett. Og der var tillaga for septerar på kvar side der ein la oppi suta. Den hadde sveiv med tannhjulsutveksling for å sveive inn nota. Før når nota vart rodd ut vart suta brukt også når dei sette for å lette for roarane. I den fyrste tida etter krigen vart Frost, M 14 VA brukt til å legge på sida av notbåten for å gå ut nota. Seinare vart gamlebåten til Anders Høydalsvik, M-55-VA Torleif, brukt på same måten.

Ein ”spelbåt” var med i utrustninga då det var landnot, den var også utstyrt med spel sameleis som notbåten. Slik vart nota dradd inn frå båe endar. Dertil hadde mange med egne færingar så dei kunne ligge å ”skimle” der nota ikkje hadde nått botnen.

Den 25/9 1951 vart det kjøpt ein gavlbåt frå Årsheim notlag, Selje kommune. Kjennemerke då var SF-113-S, motoren var 12 hk. Wikmann. Seinare gjekk krummtappen på denne og ny motor vart kjøpt frå Olav Medlum? Haugesund. Motoren var Skud. 18 hk. Pris kr 2000,00. Båten vart registrert i Volda med kjennemerke M-9-VA. Men har ikkje vore i det offisielle registeret, truleg fordi at selgar ikkje har raportert båten som solgt.

Fangst inntekter for 1954 viser på ei ”innberetning” til rikssattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.