Halász Ignácz

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. feb. 2010 kl. 23:37 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Basert på PD-tekst frå Jewish Encyclopedia)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (18551901) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés i 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane. Blant samane gjorde han omfattande innsamling av språklige data for komparativ lingvistikk så vel som av meir litterære folkeminne.

Av dei viktigaste verka hans kan nemnast Ritkábbés homályosabb képzök (‘Om sjeldne formative lydar’; krona av vitskapsakademiet), Magyar szók az eszaki szláv nyelvekben (‘Om ungarske ord i nordslaviske språk’), Svéd-lapp nyelv (‘Svensk-samisk språk’) og Az ugorszamojed nyelvrokonság (‘om ugrosamojedisk språkslektskap’). I tillegg til desse verka samla han inn og omsette finske folkesongar, omsette Grimms eventyr og samla inn og gav ut ungarske folkeeventyr.

Ignaz Fischer dødde berre 46 år gammal tysdag den 9. april 1901 i Budapest.

Bibliografi

Kjelder

Basert på

Singer, Isidore og Venetianer, Ludwig: «Halász (Fischer), Ignaz» i Jewish Encyclopedia

Andre kjelder

This article is based entirely or in part on material from the Jewish Encyclopedia (1901–1906). The copyrights for that book have expired and they are therefore in the public domain. Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Jewish Encyclopedia. Verket er no i offentleg eige på grunn av at eineretten er forelda.