Hallingskeidvegen frå Osa: Forskjell mellom sideversjoner

m
Linje 13: Linje 13:
Vegen frå Osa til Hallingskeid har vore nytta av bygdefolk og langvegsfarande gjennom tusenvis av år. I Ulvik, [[Eidfjord]] og i [[Ullensvang]] finn ein opparbeidde vegar med til dels omfattande tilrettelegging av trapper og steinsette parti. Vegen gjennom Norddalen frå Osa til Hallingskeid er ein av fleire slike gamle vegar, også kalt sleper, mellom Hardangerfjorden og høgfjellet. Vegen er ein del av ein førhistorisk infrastruktur som hadde stor praktisk og økonomisk verdi for lokalsamfunnet, men og for storsamfunnet. Det er godt dokumentert at folk frå fjordbygdene på vestlandet dreiv omfattande fangst i høgfjellet. Det var i hovudsak rein som vart jakta på i stor stil, med nærast industriell karakter allereie frå bronsealder, og kanskje før det og.  Jakt på rein var ei høgt prioritert oppgåve for folk ved fjorden gjennom fleire tusen år. Funn av fangstanlegg og reiskap for jakt og fiske er av eit slikt omfang at det viser at det må ha vore stor trafikk mellom fjorden og fjellet.  

Handel med varer og levande dyr vart eit bruksområde for vegsambandet, og førte truleg til gradvis utbetring av vegen. Frå middelalderen vart vegen nytta i samband med handel mellom aust og vest. Namnet "Hallingskeid" ber med seg prov på at ein der møtte Hallingar for mellom anna å ri om kapp med hest, der av endinga "Skeid" som tyder "løp" eller "Renn" . "Skeid" kan og brukast om eit vegstykke mellom gardar, i følgje Norsk Etymologisk Ordbok. (3) Frå folkeminnet er det ei vel etablert oppfatning at det frå svært gammal tid var marknader både på Hallingskeid og i Grøndalen, der Hallingar, Vossingar, Sogningar og Hardingar møttest for handel, idrett og samkvem. Namnet «Hallingskeid» viser at ein der møtte hallingar, altså folk frå [[Hallingdal]]. Der vart det handla, utveksla nyhende og halde konkurransar i ulike idrettsgreiner.  
Handel med varer og levande dyr vart eit bruksområde for vegsambandet, og førte truleg til gradvis utbetring av vegen. Frå middelalderen vart vegen nytta i samband med handel mellom aust og vest. Namnet "Hallingskeid" ber med seg prov på at ein der møtte Hallingar, altså folk frå [[Hallingdal|Hallingdal,]] for mellom anna å ri om kapp med hest, der av endinga "Skeid" som tyder "løp" eller "Renn" . "Skeid" kan og brukast om eit vegstykke mellom gardar, i følgje Norsk Etymologisk Ordbok. (3) Frå folkeminnet er det ei vel etablert oppfatning at det frå svært gammal tid var marknader både på Hallingskeid og i Grøndalen, der Hallingar, Vossingar, Sogningar og Hardingar møttest for handel, idrett og samkvem. Der vart det handla, utveksla nyhende og halde konkurransar i ulike idrettsgreiner.  

Mykje tydar på at det allereie på 1300-talet var handel mellom [[Bergen]] og Osa som var viktig også i internasjonal samanheng. [[Saltkoking]] var ei sentral næring i området, og dette vart mellom anna brukt som betaling for jarn produsert på austlandet. Jarnet vart seld vidare på kysten og i internasjonal handel. Vegen opp Norddalen har altså vore ein hovudgrunn for folk å oppsøke Osa. Jordbruket i Osa er på lag like gammalt som elles i området, men det er heilt fram til i dag ressursane i høgfjellet som har vore grunnlaget for busettinga ved Osafjorden. Beitebruk og driftehandel har vore vesentlege inntektskjelder, samt jakt og fiske og handel med salt. Osa vart eit knutepunkt for ferdafolk, noko mellom andre [[Olav H. Hauge]] skriv om i diktet "Osamannen". På slutten av 1700-talet vart det etablert permanente stølar ved Finsevatnet. Det var folk frå Osa som støla der i byrjinga, og Finse vart heilt opp til moderne tid kalla "Osafinse", då det frå gammalt var eit vatn til lenger aust som og heitte Finse, i dag "Finsbergvatn".