Halvards Verkstad: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
[[Kategori:Verksteder]] | [[Kategori:Verksteder]] | ||
[[Kategori:Opphør i 2014]] | [[Kategori:Opphør i 2014]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 4. sep. 2017 kl. 15:25
Halvards Verkstad blei starta opp av Halvard K. Grythe i 1982. Verkstaden låg i Hauggrend i Fyresdal kommune og dreiv frå byrjinga mest med landbruksmaskiner.
Historikk
Halvard Grythe overtok verkstaden frå Eivind Homme på Øyane.[1] I 1987 kjøpte han også Fina-bensinstasjonen og Roankroa av Anna og Halvdan Veum. Her bygde han ein verkstad på 200 kvadratmeter og nytta kroa som butikklokale for landbruksutstyr. Bedrifta spesialiserte seg snart mellom anna i produksjon av vareheisar som dei leverte over heile landet – frå Arendal i sør til Vardø i nord. Verkstaden hadde agentur på Johnsered motorsager og solgte oljer frå Fina i tillegg til å ha vanleg kiosksal.
Verkstaden vart nedlagt i 2014 då anlegget vart seld til Telemark Camping.
Kjelder
- Ormtveit, Astrid Synnøve, Banken og bygda gjennom 100 år, Fyresdal, 1998. Digital utgåve på bokhylla.
Referansar
- ↑ Ormtveit, 1998, s. 82.