Halvards Verkstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. aug. 2017 kl. 12:55 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Verkstaden Halvard 010.JPG|Halvards Verkstad.|Halvard K. Grythe (2010)}} '''Halvards Verkstad''' blei starta opp av Halvard K. Grythe i 1982. Verkstaden låg i Hauggrend...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvards Verkstad.
Foto: Halvard K. Grythe (2010)

Halvards Verkstad blei starta opp av Halvard K. Grythe i 1982. Verkstaden låg i Hauggrend i Fyresdal kommune og dreiv frå byrjinga mest med landbruksmaskiner.

Historikk

Halvard Grythe overtok verkstaden frå Eivind Homme på Øyane.[1] I 1987 kjøpte han også Fina-bensinstasjonen og Roankroa av Anne og Halvdan Veum. Her bygde han ein verkstad på 200 kvadratmeter og nytta kroa som butikklokale for landbruksutstyr. Bedrifta spesialiserte seg snart mellom anna i produksjon av vareheisar som dei leverte over heile landet – frå Arendal i sør til Vardø i nord. Verkstaden hadde agentur på Johnsered motorsager og solgte oljer frå Fina i tillegg til å ha vanleg kiosksal.

Verkstaden vart nedlagt i 2014 då anlegget vart seld til Telemark Camping.

Kjelder

Referansar

  1. Ormtveit, 1998, s. 82.