Halvor Hoel: Forskjell mellom sideversjoner

1 543 byte lagt til ,  11. jun. 2012
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 8: Linje 8:

:1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.  
:1) Ingeborg (1764-1831) gift med kjøpmann i Christiania Peder Mørck. Ho flytta sidan attende til Hol med borna.  
:2) Jacob (1775-1847),  stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya]].
:2) Jacob (1775-1847),  stortingsmann, offiser og eigar av den gamle adelege setegarden [[Hovinsholm]] på [[Helgøya]]. Gift med Anne Marie Tollefsen.
Gift med Anne Marie Tollefsen.

Faren Nils Halvorsen hadde noko utdanning. Det blir ein stad nemnt at han var «examinatus juris»,<ref>Gihle og Sandberg 1982:48</ref> utan at det framgår om dette galdt juridiske studiar ved universitetet. I alle høve var bokleg lærdom ein del av familiemiljøet. Halvor må sjølv ha fått god undervisning, anten dette kan ha vore ved hjelp av huslærarar, hjå embetsmenn i bygda eller på anna vis. Musikaliteten som låg til familien vart dyrka. Halvor spela piano og komponerte, og han underviste ungdom i musikk. Brørne Halvor og Jacob lærde også fektekunst, og sistnemnde var ei tid fektelærar ved [[Krigsskolen]]. Familien hadde slektningar blant og sosial omgang med embetsstanden og andre kondisjonerte.   

Linje 32: Linje 31:
I sitt tilhøve til religion og kyrkje, var Halvor Hoel sterkt influert av rasjonalistisk teologi. Venteleg var dette under påverknad av ein kapellan i bygda,[[Andreas Dahl]]. [[Biskop Pavels]] har omtala Dahl og uttrykt mellom anna dette om han: «Ham skyldes fornemmelig Halvor Hoels og øvrige nessogningers irreligiøsitet.»<ref>Gihle og Sandberg 1982:48. Jf. Koht, H. 1934:164</ref>

Politisk
Hoel var etter alt å dømme tilhengar av union med Sverige i 1814. Han hadde kontakt med svenskane alt i 1813. Han var sidan i kontakt med [[C.H. Røslein]], den mest omtala av agentane som opererte for Carl Johan i Noreg.
 
Som hovudmann bak, eller i det minste inspirator for, [[bondeaksjonane 1818]], har ein rekna med at Hoel ikkje var framand for å vende attende til eit eineveldig monarki som styreform. Dette er uvisst. Halvdan Koht meiner at Hoel stod bak to grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll, eitt frå Hedemarken og eitt frå Gudbrandsdals fogderi. Dei to er til dels likelydande, og dei avviser prinsipielt «suvereniteten». Det heiter i punkt 1 i forslaget frå Gudbrandsdalen: «Hvad Navn Norge Gives, enten Republik eller Monarkki benægtes Souverainiteten, men Prins Christian Fredrik antages til Rigets Regent med et Norsk Raad.» Det er sjølvsagt godt mogleg at Hoel og andre som var prinsipielle motstandarar av eineveldet i 1814 kan ha snudd om under innverknad av hendingane fram til 1818 og den sterke misnøya med stortingspolitikken.
 
Gjennomgåande i det som ligg føre av avisartiklar og skriftlege meiningsytringar frå Halvor Hoels hand, og som også gjennomsyrar dei to nemnde grunnlovsforslaga, er aversjonen mot embetsstyre og til dels mot sjølve embetsstanden, særskilt presteskapet. Det grunngjeve med prinsipielle synet at medan bønder og borgarstand er nærande stender, er embetsstanden tærande på samfunnets felles ressursar, slik at ein bør avgrense sistnemnde til det minste nødvendige.
 
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer