Hamp: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Hamp''' (''cannabis sativa'') er ei nytteplante som før blei dyrka ein del i Noreg. Dei lange bastfribrane er særs godt egna til å lage tau og slitesterke tekstilar, og planta...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Planta blir 2-3 meter høg, og veks raskt. Sjølv om temperaturen i Noreg er litt låg for planta, veks den godt på grunn av dei lange, ljose sommarnettene. Den er særbu, og det er frå hannplanta at ein får dei beste fibrane. I papirproduksjon gjer hamp om lag fire gonger meir utbytte enn tre målt i dyrkingsareal.  

Det er usikkert kor lenge hampen har vore kjent i Noreg, men i [[Oseberghaugen]] fann ein hampefrø frå omkring år 850. I [[Åseral kommune|Åseral]] er det gjort funn som tyder på at dyrkinga går attende til år 650 eller noko tidlegare. I seilskutetida var hampen viktig for sjøfarten, fordi ein trengde store mengder tauverk. På byrjinga av 1800-talet blei det gjort forsøk på å få nordmenn til å dyrke meir hamp. Mellom anna skrev [[Sigvart Aarflot]] i 1805 ''[[Kjeldearkiv:Hampens Dyrkning og Tilberedning|Hampens Dyrkning og Tilberedning]]''. I denne tida var det mangel på hamp, på grunn av blokaden under [[Napoleonskrigane]].  
Det er usikkert kor lenge hampen har vore kjent i Noreg, men i [[Oseberghaugen]] fann ein hampefrø frå omkring år 850. I [[Åseral kommune|Åseral]] er det gjort funn som tyder på at dyrkinga går attende til år 650 eller noko tidlegare. I seilskutetida var hampen viktig for sjøfarten, fordi ein trengde store mengder tauverk. På byrjinga av 1800-talet blei det gjort forsøk på å få nordmenn til å dyrke meir hamp. Mellom anna skrev [[Sivert Aarflot]] i 1805 ''[[Kjeldearkiv:Hampens Dyrkning og Tilberedning|Hampens Dyrkning og Tilberedning]]''. I denne tida var det mangel på hamp, på grunn av blokaden under [[Napoleonskrigane]].  

Hamp har vore nytta i folkemedisin i lang tid, men truleg i mindre grad i Noreg enn elles i Europa. I dag er det stadig fleire som får utskrive medisinsk cannabis for mellom anna grøn stær, som smertelindring ved kreftbehandling, for å minske spasmar hos MS-pasientar osb.  