Hans B. Osnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2013 kl. 07:23 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958), var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»

Familie

H.B.Osnes voks opp på garden Osnes i Ulstein, på bruket Fagertun (gnr. 1.9), som foreldra hans hadde bygd opp frå grunnen av frå 1871. Foreldra var Bernt Larsson Osnes (1842-1912) Anne Marta Johannesdotter f. Nesset (1844-1929), båe frå Ulstein. Det nye gardsbruket Fagertun var resultat av ei garddeling og utskifting der Bernt Larsson og broren felk kvar sin del av farsgarden. Hans var den eldste av tre sysken, ei syster og ein bror. Broren overtok Fagertun etter foreldra.

Hans B. Osnes var gift to gonger. Fyrste ekteskapet var med Elise Pedersdotter Vik frå Ulstein (1872-1934). Dei fekk fem born i tidsrommet 1896-1902. Andre ekteskapet var med Marie Torsdotter Bø frå Måløy (fødd 1884). Det var ikkje born i det andre ekteskapet.

Utdanning

Etter folkeskulen gjekk Osnes to kurs ved Sunnmøre amtsskule som da heldt til i Ulstein. Frå 1889-1891 var han ved Stord seminar og tok lærareksamen. Deretter gjekk han mellomskulen i Volda 1891-1892. Etter nokre år i lærarpostar, forbetra han lærareksemenen sin som privatelev ved Volda lærarskule i 1898.

Lærargjerninga

Osnes vart tilsett som lærar i Herøy (Skorpa, Moltustranda og Kopperstad krinsar) frå hausten 1892. Frå 1893 til 1895 arbeidde han ved Hatløy, Vattøy og Snipsøyrdalen udelte skular i Ulstein. Deretter var han lærar og klokkar i Nordberg sokn i Skjåk i Gudbrandsdalen til om våren 1898. Han etter den konservative Ole Lund. Osnes gjorde mellom anna godt som slutt på at ungane skulle pugge bibelhistoria. Han la heller vekt på at dei skulle kunne forstå og gjenfortelje innhaldet i bibel og verdsleg litteratur.

Etter tida ved Volda lærarskule vart han frå nyttår 1899 tilsett som lærar og klokkar i Fiksdal i Vestnes, der han budde til 1907. På grunn av helseproblem slutta han som lærar og tok til som gardbrukar i Ulstein. På 1920-talet arbeidde han igjen fire år som lærar i Hatløy og Vattøy ved sida av gardsarbeidet, til dei to krinsane vart nedlagde i 1926.

Bonde og forretningsmann

på garden Borgarøy. Den dreiv han og kona til ut i 1930-åra, da dei overlet han til eldste sonen.

Politikk og presseverksemd

I 1910 vart Osnes vald inn i kommunestyret i Ulstein. Da hadde han bak seg ein innsats for å få utbygd telefon i bygda. I 1914 vart han ordførar. Mellom anna stilte han seg da i spissen for å få elektrisk straum til bygda. Ulstein kommunale elektristetsverk stod ferdig til bruk i 1917.

Bonderørsla vart eit utgangspunkt for det politiske engasjementet frå 1906, da han vart med i Landmandsforbundet. Da Bondepartiet vart skipa i 1920, gjekk han med stort engasjement inn i dette. Han var mellom anna fylkessekretær for partiet, og han arbeidde for å byggje opp bondepressa, fyrst og fremst Sunnmøre Tidend, der han var redaktør ei tid, og seinare som medarbeidar i avisa Fylket.

Organisasjonsarbeid

Frå ungdomen av engasjerte Hans Osnes seg sterkt for ymse idealistiske føremål som ungdomsarbeid, fråhaldssak og norskdom. Medan han hadde fyrste lærarposten sin i Herøy, fekk han i gang musikklaget Ulf. I Skjåk blir han rekna som den fyrste typiske ”vestlandslæraren” i bygda. Han innførte nye måtar å drive undervisning på. Han vart ei drivande kraft i det frilynde ungdomslaget i Nordberg., og han var etter alt å dømme den fyrste i Skjåk som for alvor tok opp fråhaldsarbeidet. Han vart også ein føregangsmann for landsmålet i bygda.

Det vart fråhaldssaka som skulle bli det viktigaste arbeidsfeltet for Osnes innan den idealistiske verksemda i åra som kom. Da han tok til som bonde, brukte han samstundes haustane og vintrane til å å reise som talar og organisator for IOGT. Reisene gjekk over store delar av landet, særleg Trøndelags-fylka, Gudbrandsdalen, Agder og Rogaland forutan ”nærområdet” på Nordvestlandet.

Referansar


Kjelder og litteratur

1900 (Vestnes) http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f01535&gardpostnr=356&personpostnr=2168&merk=2168#ovre

1910 (Ulstein) http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036753001884