Hans Hansson Wiingaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Hansson Wiingaard (fødd 1686 på Lolland i Danmark, død 22. mars 1758 i Molde) vart 16. mars 1725 utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld. Han var der til han 18. mai 1731 vart utnemnd til visepastor i Vanylven og 4. august 1741 til den fyrste soknepresten same stad. Han makeskifte seg 9. desember 1746 til Bolsøy og Molde og vart i 1749 prost i Romsdal. Med bakgrunn i tida si som prest i Jostedalen skreiv han ei skildring av bygda, mellom anna om framrykkinga til breane under den vesle istida. Eit utdrag av skildringa vart prenta i Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør beliggende i Bergens Stift i Norge (band 1, 1762).[1]

Notar

  1. Wiingaard i Strøm 1762 (digital utgåve)

Litteratur