Hans Hyldbakk: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: {{Under arbeid}} '''Hans Hyldbakk''' (fødd 8. mai 1898 i Surnadal. død 18. august 2001 same stad) var diktar og lokalhistorikar. Som diktar er han særleg kje…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:

Gjennom skriveriane i ''Heimveg'' fekk han sjølvtillit nok til å gje ut ei diktsamling i 1929, ''Harpespel''. Her kom det som vart hans mest kjende dikt, «Vårsøg». Mellom anna dette og «E slåttatæja» er skrevne på dialekt, medan dei fleste dikta i samlinga er på normert nynorsk. Tekstar på dialekt kan vere vanskeleg tilgjengelege for eit større publikum, og «Vårsøg» fekk ikkje så mykje merksemd i starten. Det var fyrst da det vart tonesett, og dermed munnlegg framført at det fann vegen inn i den norske folkesjela. Det vart ein lang diktarkarriere, med fleire samlinger og bidrag til antologiar. Den tiande og siste samlinga kom det året han fylte hundre år.  

Romanforfattar vart han ikkje, men han freista i 1930 lukka med eit manus. Romanen ''Gunnar Hjelen'' sende han til [[Aschehoug forlag]], men då han vart redusert brende han manuset.

Som lokalhistorikar er han kjend som «småkårsfolkets historikar». [[Husmenn og husmannsplassar i Surnadal|''Husmenn og husmannsplassar i Surnadal'']] frå 1942 er eit pionerverk. Eit trekk ved den eldre gards- og slektshistoria er at dei fleste husmannsfamilier er fråverandre. Ein kan tolke det på mange vis - ei nedlatande haldning til husmannsfolk, vanskelege kjeldetilhøve, spørsmålet om kven det var som hadde råd til å kjøpe bøkene og så bortetter. I dag er det gjerne oppfatta som naturleg at husmannsfolket òg er med i gards- og slektshistoria, og Hyldbakk var den fyrste som satsa tungt på dette.  

Linje 20: Linje 22:

Han reiste aldri utanlands, og forlot sjelden nærområdet. Men som lokalhistorikar reiste han mykje rundt på [[Nordmøre]], i [[Romsdal]] og i [[Trøndelag]]. Han levde nøysamt, og mot slutten av livet kunne han testamentere nær ein million kronar til kultur- og lokalhistorisk arbeid i Surnadal kommune, og han gav også husa sine på Kleiva til kommunen.

== Litteratur og kjelder ==
* {{Hbr1-1|pc00000002816381|Hans Hyldbakk}}
* {{WP-lenke|Hans Hyldbakk|nb}}.
* Sæter, Svein: [https://nbl.snl.no/Hans_Hyldbakk Hans Hyldbakk] i ''Norsk biografisk leksikon.''
{{Nn}}
{{Hundreåringer}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Lokalhistorikere]]
[[Kategori:Bygdebokforfattere]]
[[Kategori:Diktere]]
[[Kategori:Surnadal kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1898]]
[[Kategori:Dødsfall i 2001]]
{{DEFAULTSORT:Hyldbakk, Hans}}