Hans Marius Grimstadmo: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(mellomlagring)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 28: Linje 28:

Anleggsarbeid vart det knappare om i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra. I mange år vart det gardsarbeid i Skjåk att for Hans Marius, heilt til han fekk arbeid i skogen, som så vart hans faste tilvere resten av det yrkesaktive livet. Fyrste teigen han hogg var i den private Lykreskogen 1924-25. Sidan arbeidde han for [[Skjåk Almenning]]. Store delar av året heldt han frå nå av til i [[Billingsdalen]], der dei største og beste skogstrekningane i Ålmenninga fanst. Han budde i seterhus, tømmerkoier og på gardane Sagen og Glitne. På 1950-talet hadde han fast tilhald på [[Pollfoss hotell|Pollfoss Turistheim]], der han hadde tilsyn med det vinterstengde hotellet. Tømmerdriftene gjekk mest føre seg om vintrane. Sommarstid vart det meir onnearbeid og tilfeldige oppdrag. Hans Marius var dessutan nokså fast hjelpesmann i [[tjærebrenning|tjærebrenninga]] som gjekk føre seg i Billingsdalen, mest ved mila hans [[Olav Viken]].

== Alderdomen ==
Rundt 1960 flytta Hans Marius frå Billingsdalen ned i bygda att, der han i 6–7 års tid budde i i Gammelstugu på Søre Prestgarden. Han fekk problem med det eine auget, som han til slutt måtte operere bort. Mot slutten av 1960-talet budde han ei tid hjå Torø og Hans Sagen i Billingsdalen, til han fekk plass på [[Skjåkheimen]] rundt 1970. Der vart han verande til han etter eit kortare sjukeleie døydde i 1985.
== Drapsmistenkt ==
I 1928 skjedde ei tragisk ulykke på [[Aursjoen]], eit fjellvatn i Skjåk. To karar gjekk gjennom vårisen og drukna. Dei var på veg til bygda for å hente meir brennevin til seg sjølve og to kameratar som var att i fiskebua der dei hadde festen sin. Saka vart etterforska som mogleg drapssak. Dei to som var att i hytta, vart haldne som mistenkte. Den eine av dei var Hans Marius. Båe karane vart snart reinvaska som uskuldige. Men saka gjekk hardt innpå Hans Marius. Han åtte ikkje valdstendensar og slost aldri, ikkje eingong i fylla. Men full var han ikkje så reint sjeldan, det står ikkje til å nekte.
== Personlegdom og livsstil ==
Hans Marius søkte alkoholrus så sant det var noko brukeleg drikke å få tak i. Det kunne vere øl og kjøpebrennevin i betre tider, og alle slags tenkjelege surrogat når det var meir vanskeleg med forsyningar. Heimebrent, [[denat]], hårvatn, jamvel skokrem og parafin skal han ha prøvd ut. Slik sett var han vel alkoholikar. Men var det ikkje høve til rus, fungerte han heilt fint som edrug arbeidskar i vekes- og månadsvis om gongen.
Mange såg på han som ein bygdeoriginal. Og det var vel ikkje så rart når han var observert syklande bygda på langs og tvers på sin utkjende gamle blå sykkel, og når han ikkje så sjeldan fanst att i ei grøft, på ei butikktropp eller andre ukurante stader der han sov ut rusen. Han fornya ikkje garderoben sin i utrengsmål, og var lite nøye med personleg hygiene. Han bør likevel ikkje rubriserast som noko sosialt kasus. Han livnærte seg ved eige arbeid, rett nok med smålåtne krav til materiell levestandard, og «belasta» så vidt vi veit aldri noko sosialbudsjett.
Han var intellektuelt godt utrusta, og på visse felt ekstra kunnskapsrik, om enn skulegangen hadde vore så som så. Særleg interesserte han seg for bygde- og slektshistorie. Han var glad i folkemusikk og beundra over alle meisterspelemannen [[Torkjell Auale]] (1863–1940), som han kjende personleg heilt frå oppvekståra i Skjåk. Hans Marius prøvde seg også sjølv med felespel, utan at det kan seiast å ha vore særleg vellykka. Han las avisene grundig og følgde med i tida. I motsetnad til arbeidskameraten og venen Olav Viken, som var ein sentral mann i arbeidarrørsla i bygda, engasjerte Hans Marius seg ikkje i politikk og samfunnsliv. Den politiske innstillinga, i den grad han uttala seg om slikt, var heller på høgresida.
== Referansar ==
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer