Hans Marius Grimstadmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. sep. 2021 kl. 04:14 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hans Marius Grimstadmo''' (fødd i Kristiania 10. april 1898, død i Skjåk 16. desember 1985) var gardsarbeidar, anleggsarbeidar og skogsarbeidar. Frå smågutalderen av…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Marius Grimstadmo (fødd i Kristiania 10. april 1898, død i Skjåk 16. desember 1985) var gardsarbeidar, anleggsarbeidar og skogsarbeidar. Frå smågutalderen av budde han mest all sin dag i Skjåk. Livet vart nok ikkje så lett for han. Han hadde ein lite gunstig sosial utgangsposisjon som «lausunge» frå det fattigaste, jordlause arbeidarsjiktet i bygda. Og personlege tragediar som råka han og hans næraste gjorde liv og lagnad enn hardare.