Hans Tandstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Hans Petersen Tandstad''' (1885 – 1933) frå Simogarden i Straumgjerde var gardbrukar, lokalpolitikar og aktiv i det frilyndte lagsarbeidet. Han representerte ei viktig gruppe i...)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 25. jul. 2012 kl. 13:01

Hans Petersen Tandstad (1885 – 1933) frå Simogarden i Straumgjerde var gardbrukar, lokalpolitikar og aktiv i det frilyndte lagsarbeidet. Han representerte ei viktig gruppe i det frilynde arbeidet, nemleg den lesande og samfunnsinteresserte bonden. Han dreiv den brattlendte Simogarden, men fann også tid til å engasjere seg i kulturlivet og lokalpolitikken. Han brukte mykje tid i kommunale utval og råd. Han var ordførar i Sykkylven frå 1925 – 33 og var i ein lang periode også styremedlem i Sunnmøre Meieri. Han var leiar i ungdomslaget Samhald då laget bygde sitt eige hus, Vårvon i 1912. Som takk for innsatsen med bygginga av ungdomshuset Vårvon fekk han i 1915 eit skrivestell i sølv med følgjande setning inngravert: “Tak for gjævt arbeid”. Då han døydde stod han i vervet som ordførar i Sykkylven.

Kjelde:

Gardssoga for Sykkylven bd. 2.