Hans Tandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hans Petersen Tandstad (1885 – 1933) frå Simogarden i Straumgjerde i Sykkylven var gardbrukar, lokalpolitikar og aktiv i det frilyndte lagsarbeidet. Han representerte ei viktig gruppe i det frilynde arbeidet, nemleg den lesande og samfunnsinteresserte bonden. Han dreiv den brattlendte Simogarden, men fann også tid til å engasjere seg i kulturlivet og lokalpolitikken. Han brukte mykje tid i kommunale utval og råd. Han var ordførar i Sykkylven frå 1925 til 1933 og var i ein lang periode også styremedlem i Sunnmøre Meieri. Han var leiar i ungdomslaget Samhald då laget bygde sitt eige hus, Vårvon, i 1912. Som takk for innsatsen med bygginga av ungdomshuset Vårvon fekk han i 1915 eit skrivestell i sølv med følgjande setning inngravert: “Tak for gjævt arbeid”. Då han døydde, stod han i vervet som ordførar i Sykkylven.

Kjelde

Gardssoga for Sykkylven bd. 2.