Harmonium: Forskjell mellom sideversjoner
(ekstra bilde) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 27: | Linje 27: | ||
* [http://www.harmonium-orgel.com Harmonium-orgel.com] - «hjemmesiden for harmonium-entusiaster i Norge» | * [http://www.harmonium-orgel.com Harmonium-orgel.com] - «hjemmesiden for harmonium-entusiaster i Norge» | ||
[[ | [[Kategori:orgel]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 16. nov. 2023 kl. 13:13
Eit harmonium er orgel med frie rørstemmer — der ein luftstrøm får vibrerande metalltunger til å vibrere — på same viset som for trekkspel og munnspel. Harmoniuma har tradisjonelt hatt pedaldriven belg, og blir da gjerne kalla trøorgel eller, meir spøkefullt, salmesykkel. Harmonium kom raskt i bruk i Norge, inkludert i skular, forsamlingshus og mindre kyrkjer, så vel som i private heimar. Framover 1900-talet vart etter kvart elektrisk drivne harmonium, som kunne ha pedalverk som på større pipeorgel, vanlige som kyrkje- og konsertinstrument. Frå andre halvpart av 1900-talet tok etterkvart hammondorgel og andre elektriske orgel over mykje av rollen til harmoniuma. I indisk musikk har ein mindre type harmonium, der venstrehanda driv belgen og høgrehanda er fri til å spela melodien, vore vanlig sidan andre halvdelen av 1800-talet. Dei aller fleste gurdvaraer (sikhtempel) og hinduistiske tempel har eit handharmonium til melodisk akkompagnement av kirtan/bhadjan.
Historie
Professor i eksperimentell fysikk Christian Gottlieb Kratzenstein i København blir rekna som oppfinnaren av frie rørstemmeinstrument i Vesten og mottok ein pris for dette i 1780. I 1810 viste Gabriel Joseph Grenié eit harmonium-liknande instrument som han kalla orgue expressif på ei utstilling. Ei forbetra utgåve av dette instrumentet vart utvikla av Alexandre Debain, og han patenterte instrumentet under namnet harmonium i 1840.
Bildegalleri
Kjelder
Lenkjer
- Harmonium-orgel.com - «hjemmesiden for harmonium-entusiaster i Norge»