Harmonium: Forskjell mellom sideversjoner
(→Bildegalleri: + bilde) |
|||
Linje 20: | Linje 20: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
* | * {{Wp-lenke|Pump_organ|en}} | ||
== Lenkjer == | == Lenkjer == |
Sideversjonen fra 17. apr. 2015 kl. 11:58
Eit harmonium er orgel med frie rørstemmer — der ein luftstrøm får vibrerande metalltunger til å vibrere — på same viset som for trekkspel og munnspel. Harmoniuma har tradisjonelt hatt pedaldriven belg, og blir da gjerne kalla trøorgel eller, meir spøkefullt, salmesykkel. Harmonium kom raskt i bruk i Norge, inkludert i skular, forsamlingshus og mindre kyrkjer, så vel som i private heimar. Framover 1900-talet vart etter kvart elektrisk drivne harmonium, som kunne ha pedalverk som på større pipeorgel, vanlige som kyrkje- og konsertinstrument. Frå andre halvpart av 1900-talet tok etterkvart hammondorgel og andre elektriske orgel over mykje av rollen til harmoniuma. I indisk musikk har eit mindre harmonim, der venstrehanda driv belgen og høgrehanda er fri til å spela melodien, vore vanlig sidan andre halvdelen av 1800-talet. Dei aller fleste gurdvaraer (sikhtempel) og hinduistiske tempel har eit handharmonium til melodisk akkompagnement av kirtan/bhadjan.
Historie
Professor i eksperimentell fysikk Christian Gottlieb Kratzenstein i København blir rekna som oppfinnaren av frie rørstemmeinstrument i Vesten og mottok ein pris for dette i 1780. I 1810 viste Gabriel Joseph Grenié eit harmonium-liknande instrument som han kalla orgue expressif på ei utstilling. Ei forbetra utgåve av dette instrumentet vart utvikla av Alexandre Debain, og han patenterte instrumentet under namnet harmonium i 1840.
Bildegalleri
Kjelder
Lenkjer
- Harmonium-orgel.com - «hjemmesiden for harmonium-entusiaster i Norge»