Harpe

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. sep. 2019 kl. 14:08 av Olve Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harpe frå Ygle i Åmot kommune i Østerdalen, no på Glomdalsmuseet.
Foto: Olve Utne (2009).

Ei harpe er eit strengeinstrument der strengene er spent i ei som hovudregel trekanta ramme og strengene blir klimpra med fingrane. I Norge har det vore skilt mellom byharpe, som er den klassiske europeiske harpa, og bygdeharpe, som er lokalt produserte folkemusikkinstrument.

Bygdeharper

Det finst bevart ni norske bygdeharper:

Opphavsstad Datering Bilde Størrelse Strenger Skildring Museum Kat.nr.
Nordstu Vestgård, Stai, Stor-Elvdal 1776 L 115 cm 19 Innskrift: «M.H.D. 1776 Westgaard».
Både klangbotn og forstykke er i uthola gran; halsen med stemmeskruane er i bjørk. Forstykket har eit utskore dyrehovud i øverenden.
Norsk Folkemuseum NF.1904-0038
Folldal i Nord-Østerdalen 12 Klangbotn og forstykke er i gran; halsen med stemmeskruane er i bjørk. Norsk Folkemuseum NF.1904-0213
Røros, Trøndelag klangbotn: 98 cm
forstykke: 103 cm
hals: 56 cm
12 Brunmåla tre med forgylling. Forstykket er relativt smekkert og i solid tre; halsen har tydeleg innbukting. Norsk Folkemuseum, deponert på Ringve Musikkmuseum NF.1920-0204
Bamble, Telemark 91,5x71,0 cm 17 Klangbotn har resonanskasse. Halsen med stemmeskruane går i ca. 40° vinkel opp frå diskantenden av klangbotnen. Forstykket og strengene står i 90° vinkel frå klangbotnen. Norsk Folkemuseum NF.1930-0520
1769 18 Innskrift: «DHD ANNO 1769». Glomdalsmuseet

Bygdeharpa vart teken i bruk att i både folkemusikk- og tidleg musikk-samanheng dei siste tiåra av 1900-talet. Kjente bygdeharpeutøvarar inkluderer Kalenda Maya-musikarane Sverre Jensen og Tone Hulbækmo så vel som Åshild Watne og Stein Villa.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!