Heimar og folk: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Ny side: '''«Heimar og folk»''' er tittelen på dei nye bygdebøkene for Herøy, utgjevne i fire band pluss registerband i åra 2009-2014 av [http://www.he...) |
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 8. apr. 2014 kl. 07:26
«Heimar og folk» er tittelen på dei nye bygdebøkene for Herøy, utgjevne i fire band pluss registerband i åra 2009-2014 av Herøy sogelag.
Bokverket er ei ajourføring av den tidlegare bygdebokserien for kommunen, tre band «Gardar og folk» skrive av Bjarne Rabben og utgjeve i 1962/63 (med nytt opplag 1979-83). Desse bøkene er utselde.
Bokverket er delt inn i desse banda:
- Band 1: Runde, Remøya og Leinøya (utanom Gjertneset) utgjeve 2009
- Band 2: Indre Herøy (med øyane i Herøyfjorden) utgjeve 2010
- Band 3: Skorpa, Nerlandsøya og Fosnavåg (utafor Skaret) utgjeve 2012
- Band 4: Bergsøya - austre del med Gjertneset og Mjølstaneset utgjeve 2013
- Band 5: Registerband utgjeve 2014
(Kjelde: smussomslaget til band 5).