Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 113: Linje 113:


==Onsdag 1. mai, togulykka ved Knipstugu, dei siste britiske avdelingane forlet Lesja==
==Onsdag 1. mai, togulykka ved Knipstugu, dei siste britiske avdelingane forlet Lesja==
Toget med dei siste britiske avdelingane frå Dombås plukka opp ca 350 norske soldatar på Lesja, og held fram nordover forbi Lesjaverk. Ein dressin køyrde i forvegen for å sjekke skinnegangen. Men denne natta held tyskarane heilt uventa fram med bombing av kommunikasjonslinene, og ei bombe trefte skinnegangen mellom dressinen og toget, som spora av. Det braut ut brann, og 11 soldatar, 4 norske og 7 britiske, omkom.<ref>Munthe-Kaas s. 282f.</ref>
{{thumb|Bauta bombing jerbanen Lesjaverk1940.jpg|Minnesmerke over togulykka|Arnfinn Kjelland}}
{{thumb|Bauta bombing jerbanen Lesjaverk1940 tekst.jpg|Minnesmerke over togulykka|Arnfinn Kjelland}}
Toget med dei siste britiske avdelingane frå Dombås plukka opp ca 350 norske soldatar på Lesja, og held fram nordover forbi Lesjaverk. Ein dressin køyrde i forvegen for å sjekke skinnegangen. Men denne natta held tyskarane heilt uventa fram med bombing av kommunikasjonslinene, og ei bombe trefte skinnegangen mellom dressinen og toget, som spora av kl 01.15. Det braut ut brann, og 11 soldatar, 4 norske og 7 britiske, omkom.<ref>Munthe-Kaas s. 282f.</ref>
 
Britane avmarsjerte til fots, men fekk etter kvart biltransport og nådde den øvre jernbanetunnelen på Verma kl 0900. Ein mindre styrke marinesoldatar vart sendt attende til Knipstugu og gjekk i stilling der ca kl 05.30. Oppdraget var å halde att tyskarane såpass lenge at britane kunne etablere ei stilling øvst i Romsdalen som kunne halde til natta slik at den britiske hovudstyrken kunne transporterast med tog ned til Åndalsnes. Det kom ikkje til kamp ved Knipstugu, styrken trakk seg attende til stillinga i Romsdalen. Dit kom tyskarane i 1600-tida og det vart kamp, utan at britane vart hindra i uttrekkinga.<ref>Same stad.</ref>
 
Dei norske soldatane på toget høyrde hovudsakleg til [[Gudbrandsdalens øvingsavdeling]]. Dei sette i marsj til Lesjaskog stasjon og gjekk i kvarter der. Der vart dei avvæpna av dei fremste tyske avdelingane da dei nådde området om ettermiddagen.<ref>Same stad.</ref>


==Torsdag 2. mai==
==Torsdag 2. mai==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer