Herman Munthe-Kaas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herman Munthe-Kaas (født 25. mai 1890 i Oslo, død 3. mai 1977 i Oslo) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo frå 1921 til ca 1972.

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole og Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm i åra 1910-1919, og arbeidde som arkitekt i Oslo frå 1921, frå 1922 i samarbeid med Gudolf Blakstad. Dette firmaet sto bak ei rekkje hovudverk i norsk nyklassisisme og funksjonalisme i mellomkrigsåra.

Saman med Blakstad har han tegna ei rekkje bygningar i Bodø: Mest kjend er Bodø domkirke frå 1956, etter 1. premie i arkitekttevling frå 1947. Domkirka vart freda i 2002. Den første bygninga firmaet tegna i Bodø var Jakhellngården, ein forretningsgård Sjøgata 15/17 frå 1947, med påbygg i 1957. Bygget vart prosjektert allereie i 1943 for Chr. A. Jakhelln. Andre bygg i Bodø: Merkurgården, ein forretningsgård i Storgata 1 i 1948, og Storgata 3, Grand Hotell,1939 og 1948, og Post- og telegrafbygningen i Havnegata 9 frå 1950, med tilbygg av samme firma 1979. Sandgata 5b, ca 1950. Handelens Hus frå 1958. Tollbugata 9,ca 1960. Bodø rådhus i Kongens gate 23 er frå 1962, med bibliotekfløya tilføyd 1967. I 1962 tegna dei Solparken ved Rådhuset med Musikktribunen frå 1963.

Blakstad og Munthe-Kaas har også tegna Kjølnes fyr i 1949, Gamvik kirke i Hammerfest prosti i 1958, Kautokeino yrkesskole i 1957, Postbygget og telegrafbygget og administrasjonsbygningen til A/S Sydvaranger i Kirkenes, Post- og telegrafbygget i Dronningensgate 54 og industribygning for LKAB i Havnegata i Narvik.

Blant kontoret sine arbeid utanom Gjenreisingsbyane kan særleg nemnast: Kunstnernes Hus 1930, Odd Fellowbygninga 1934, Oslo Handelsgymnasium 1940, Saga kino 1934, Klingenberg kino 1938, alle i Oslo. Haugesunds rådhus 1924 -31, Norges Banks avdeling i Gjøvik, Sjømannskirken i Göteborg, 1958 og Elgeseter bru i Trondheim frå 1951. Munthe- Kaas har også tegna Ringerike krematorium frå 1971 og Alfaset Gravkapell frå 1972.

Kilder og lenker

* Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
* Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
* biografi hos Store Norske Leksikon
* biografi hos Wikipedia
* 


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.