Historisk demografi: Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Demografi som fag studerer altså særskilt a) storleik, b) samansetjing (kjønn, alder og sivilstand) og c) utvikling av ei befolkning over tid. Det siste punktet treng presisering. Befolkninga i eit område endrar seg over tid på fleire måtar: enkeltindivid blir a) fødde eller flyttar inn, b) døyr eller flyttar ut og / eller c) endrar sivilstand frå ugift til gift og til «før-gift» (enkje / enkjemann).

Sjølv om dette fagområdet skjuler mange spennande sider for lokalhistorikarar, kan dessverre faglitteraturen skremme mange bort. Ståle Dyrvik skriv t.d. i innleiinga til den einaste norske læreboka i faget om den konklusjonen ein kan kome til å trekkje viss ein blar i nokre kapittel i boka: «At historisk demografi må vera ein nær slektning av abstrakt statistikk, og at førelekken ’historisk’ inneber at statistikken på toppen av det heile er støvet og livsfjern». (Dyrvik argumenterer sjølvsagt deretter i mot ein slik konklusjon).
Sjølv om dette fagområdet skjuler mange spennande sider for lokalhistorikarar, kan dessverre faglitteraturen skremme mange bort. [[Ståle Dyrvik]] skriv t.d. i innleiinga til den einaste norske læreboka i faget om den konklusjonen ein kan kome til å trekkje viss ein blar i nokre kapittel i boka: «At historisk demografi må vera ein nær slektning av abstrakt statistikk, og at førelekken ’historisk’ inneber at statistikken på toppen av det heile er støvet og livsfjern». (Dyrvik argumenterer sjølvsagt deretter i mot ein slik konklusjon).

Historisk demografi arbeider altså med befolkningar i fortida, for mindre område (typisk prestegjeld eller mindre område) og meir direkte mot primærkjeldene. Og ein kan sjølv raskt gjere seg bevisste eller ubevisste historisk-demografiske refleksjonar: viss ein blar i kyrkjeboka for eit prestegjeld på Austlandet for åra kring 1740–45, vil ein som oftast få ei overrasking kring året 1743. Medan talet på gravlagde elles kanskje varierer mellom 30 og 60 personar pr år, kan det for dette spesielle året vere tre gonger så mange. Kanskje så mykje som 10 – 15 % av befolkninga i austlandsbygdene døydde. Ikkje så gale som Svartedauden, men likevel særs mange. Kva skjedde, og kvifor? – er spørsmål ein lokalhistorikar da automatisk vil stille seg.