Hjartdal historielag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 27: Linje 27:


===25-års jubileum===
===25-års jubileum===
Hausten 2015 feira historielaget 25-års jubileum. Då vart det gjort ære på tre medlemmer som hadde utmerkt seg med særs godt arbeid for laget og lokalhistoria: Ivar T. Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje vart då æresmedlemmer i Hjartdal historielag. [[Alf Mostue]] vart utnemnt i 1997.
Hausten 2015 feira historielaget 25-årsjubileum. Då vart det gjort ære på tre medlemmer som hadde utmerkt seg med særs godt arbeid for laget og lokalhistoria: Ivar T. Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje vart då æresmedlemmer i Hjartdal historielag. [[Alf Mostue]] vart utnemnt i 1997.


==Kjelder og litteratur ==
==Kjelder og litteratur ==

Sideversjonen fra 19. apr. 2022 kl. 08:39

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Hjartdal historielag er eit historielag i Hjartdal kommune i Telemark. Laget vart stifta i 1990, og gir ut bladet Kontaktblad for Hjartdal historielag til sine medlemar, i tillegg til eiga årbok (sidan 2011).

I 2018 hadde laget 207 medlemmer.

Historikk

Hjartdal historielag blei stifta den 15. mars 1990. Det var ei styringsgruppe med Leif Skoje, Hans Skeie og Anne Tone Larsen som denne kvelden la grunnlaget for stiftinga. Styringsgruppa var oppretta våren 1989, og la no fram forslag til vedtekter for eit historielag. Dei verva medlemer og søkte og fekk økonomisk støtte. I 1989 hadde det vore ei stor markering av 150-årsminnet for utvandringa til Amerika. Anne Haugen Wagn og Leif Skoje hadde gjeve ut boka «...for at finde en blidere skjebne», og behovet for eit historielag i Hjartdal meldte seg.

Det fyrste året

På stiftingsmøtet blei Kjetil Fosse valgt til fyrste formann, Jon Bøen som nestformann og Hans Skeie kasserar. Leif Skoje var sekretær, Ingunn Hovde og Ivar T. Dahl styremedlemmer. Historielag hadde 33 medlemmer det fyrste året, og kontingenten var på 30 kr. Den første årsmeldinga fortel at det blei halde 4 styremøte og 30 saker behandla. Det blei arrangert historisk rusletur langs gamle tuddalsvegar og arbeidd jamnt med innsamling og kopiering av historisk materiale til lagets eiga samling. Tre nummer av kontaktbladet kom også ut dette året.

Formenn/leiarar

  • Kjetil Fosse 1990-1994
  • Torkel Hytta 1994-2004
  • Svein Erik Sletta 2004-2008
  • Torkel Hytta 2008-2014
  • Svein Bakkalia 2014-

Aktivitetar

Sidan 1990 har aktiviteten og innhaldet i laget variert mykje:

  • I 1991 tok historielaget initiativ ovenfor kommunen som førte til opprydding i det kommunale arkivet.
  • Laget har vore ein pådrivar i arbeidet med Heddal mølle og har hatt to medlemmar i styret for stiftelsen sidan 1996.
  • Ved fredsjubileet i 1995 gav historielaget, i samarbeid med forfattar Svein Vetle Trae ut boka «Skriften på veggen».
  • Da Hjartdal og Gransherad sparebank markerte sitt 100-årsjubileum med ein stor USA-tur i 1998, var det historielaget som stod for reiserute, fagleg innhald og guiding. Særleg utvandringshistoria, men også annan amerikansk historie blei formidla.
  • Laget har gjeve økonomisk støtte til fleire lokalhistoriske publikasjonar frå Hjartdal kommune.
  • Historielaget har sørga for opprydding og merking av fleire gamle ferdselsvegar, mellom anna Åsvegen og den gamle stulsvegen mellom Sauland og Slåkja. Eit saulandskart med gamle stadnamn vart gjeve ut i 2009.

25-års jubileum

Hausten 2015 feira historielaget 25-årsjubileum. Då vart det gjort ære på tre medlemmer som hadde utmerkt seg med særs godt arbeid for laget og lokalhistoria: Ivar T. Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje vart då æresmedlemmer i Hjartdal historielag. Alf Mostue vart utnemnt i 1997.

Kjelder og litteratur

  • Bakkalia, Svein, «Hjartdal historielag 25 år», i Hjartdal historielag Årbok 2015, Notodden, 2015.
  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenker

Hjartdal historielag Status Date 1. Lagets navn 2. Eventuelle tidligere navn 3. Stiftelsesår/dato 4. Lagets ledere, fra oppstart til nå 5. Andre viktige personer, samt begrunnelse 6. Formålsparagraf/målsetting 1990/15.mars Kjetil Fosse 1990 - 1994 (4 år) Torkel Hytta 1994 - 2004 (10 år) Svein Erik Sletta 2004 - 2008 (4 år) Torkel Hytta 2008 - 2014 (6 år) Svein Bakkalia 2014 - 2019 (5 år til nå) Æresmedlemmer: Alf Mostue (1911 - 1998), Ivar T Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje. Vedtatt på årsmøtet i 2016: $1 - Føremål Hjartdal historielag skal ha til føremål å vekke, auke og spreie interessa for fortida til bygdene Hjartdal, Sauland og Tuddal. Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med dei samfunnstilhøva vi har i dag. Laget skal ta vare på lokalhistorisk kunnskap og materiale og arbeide for vern av kulturminne. 7. Eventuelle tidligere formålsparagrafer 8. Medlemstall 9. Utviklingen av medlemstall 100 2018: 207 inkl. 3 æresmedlemmar 1990: 33 1995: 168 2000: 25 2005: 121 2010: 101 2015: 180 2018: 207 10. Annen nyttig informasjon (endringer i organisasjonen, perioder med inaktivitet etc.) 11. Hva har vært hovedaktiviteten til laget? 12. Hvilke publikasjoner har laget utgitt? Bygdehistorie Bok: Svein Vetle Trae: "Skriften på veggen". Krig og motstand i Hjartdal/Øvre Telemark 1940-45.(1995) Bok: Torkel Hytta og Audun Solberg: Ein plass å bu. Husmannsplassane i Sauland. (2019) Årbok, f.o.m. 2011 til 2019, ca 144 s. Hjartdalskalenderen, f.o.m. 2010 til 2019. Overtatt frå Hjartdal mållag i 2010., Medlemsblad: Kontaktbladet, med i alt 50 nr frå 1990 til i dag. 13. Har/drifter laget digitale ressurser? (Bildesamlinger på nett, wikier e.l.) Nettside: hjartdalhistorielag.no 14. Øvrig historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår) 1990 - 2014 Det vart ei stor markering av 150-årsminnet for amerikautvandringa i 1989. Anne Haugen Wagn og Leif Skoje ga ut boka «for at finde en blidere skjebne» og behovet for eit historielag blei synleg. Den første årsmeldinga fortel at det vart halde 4 styremøter og 30 saker vart behandla. Det vart arrangert historisk rusletur langs gamle tuddalsvegar og arbeidd jamnt med innsamling og kopiering av historisk materiale til lagets eigen samling Aktiviteten har variert, men sakene har etterkvart vorte mange. Det kan mellom anna nemnast initiativet overfor kommunen i 1992 som førte til at oppryddinga i kommunearkivet stod ferdig i 1992. Vi har sidan 1994 vore ein pådrivar i arbeidet med Heddal mølle og har hatt 2 medlemmar i styret sidan 1996. I 1995 ga historielaget ut boka ”Skriften på veggen”. Krig og motstand i Hjartdal/Øvre Telemark 1940-45. med Svein Vetle Trae som forfattar. Vi har gjeve økonomisk støtte til dei kulturhistoriske praktbøkene til Ivar T Dahl, til begge bøkene til Halvor Sisjord, og til dei tre filmane om Suigard Bondal. Fleire CD produksjonar med slåttespel har og fått økonomisk støtte. I 2001 var det halde ein større bildeutstilling i sarnband med tusenårsjubileet og i 2009 var det halde ein filmkveld med framsyning av to eldre hjartdalsfilmar som vi digitaliserte i 2005. Historielaget har og sørga for ei opprydding og merking av fleire gamle ferdselsvegar, m.a. Åsvegen og den gamle stulsvegen mellom Sauland og Slåkja. Saulandskartet med gamle stadnamn vart gjeve ut i 2008. Det har og blitt mange lokale turar og fleire turar utanbygds. I 2009 var vi m.a. på Nasjonalgalleriet, Historisk museum og Folkemuseet på Bygdøy og i 2012 på Telemark museum. I 2010 overtok historielaget Hjartdalskalenderen som fram til da hadde vore Hjartdal Mållag sitt ansvar. Og året etter, i 2011, kom endeleg den første årboka vår som hadde vore snakka om så lenge. Årbøkene har blitt presentert kvart år med eige lanseringsmøte i november. I 2012 kom boka: Skog og skogbruk i hjartdalsbygdene. Skogeigarlag i Hjartdal i 100 år, skrive av historielaget på oppdrag frå Hjartdal skogeigarlag. Forfattarar var Torkel Hytta og Leif Skoje. I juni 2014 var 43 personar med til Eidsvoll i buss i samband med 200 års jubileet. Vi fekk matrettar frå 1814 og hadde omvisning i ein nyrestaurert Eidsvollbygning. I oktober 2014 feira vi 200-årsjubileet for grunnlovsforsamlinga saman med Hjartdalskoret og med historikar Jens Johan Hyvik som foredragshaldar. Om lag 40 deltok på møtet. 2015 I 2015 hadde historielaget 25 års-jubileum. Dette året var Reisjaasamlinga ferdig arkivert hos Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) på Rjukan etter initiativ frå historielaget og finansiert av Hjartdal kommune, Hjartdalbanken og NIA. Arbeidet vart avslutta med ein foto og gjenstandsutstilling i Hjartdalbanken, åpna av ordførar Bengt Halvard Odden. I mars var historielaget på tømmerhogst med dølahesten Gorm. Over 30 personar hadde møtt fram i heimeskogen til Torkel og Helle Gjerde på Øygarden i Sauland. I april blei det halde eit åpent møte på Nordbø pensjonat om Rikard Berge si innsamling av tradisjonsstoff i Hjartdal tidleg på 1900-talet. Foredragshaldar var konservator ved Telemarks museum Tor Gardåsen. 42 personar møtte fram. I juni reiste 40 medlemmar på tur med buss til Vest-Telemark museum i Eidsborg og til Dalen hotell. I Eidsborg fekk vi