Hjemmenes Vel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. apr. 2018 kl. 08:07 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hjemmenes Vel''' var namnet på dei fyrste husmorforeiningane i Noreg. Den fyrste foreininga var Oslo Hjemmenes Vel, stifta av Dorothea Christensen i 1898 og avvikla i...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjemmenes Vel var namnet på dei fyrste husmorforeiningane i Noreg. Den fyrste foreininga var Oslo Hjemmenes Vel, stifta av Dorothea Christensen i 1898 og avvikla i slutten av 1970-åra. Foreininga var den eldste husmorforening i Europa. I 1897 sprang ideen om at husmødrene skulle slutte seg saman. Tanken blei fyrste gong presentert i bladet «Husmoderen», som seinare fekk namnet «Husmorbladet». Artikkelen gjorde at Hjemmenes Vel blei stifta i Kristiania året etter, og deretter i Bergen i 1899.

I mellomkrigstida var Karen Platou drivkraft i organisasjonen. Ho var også den fyrste faste kvinnelege stortingsrepresentanten, valgt inn frå Høgre i 1922–1924.

15. september 1915 gjekk fleire lokale lag saman og stifta Hjemmenes Vels Landsforbund som vart leia av Marie Michelet. Organisasjonen skifta i 1999 namn til Norges Kvinne- og familieforbund.

Kjelder