Holtsåsvegen

Holtsåsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går aust- og sørover frå Nordagutuvegen. I enden splittar vegen seg opp i fleire greiner som endar ved einebustadar. Fram til tidlegare Holtsås stasjon er vegen ein del av fylkesveg 360.

Holtsåsvegen sett austover frå Nordagutuvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Det er usikkert kva vegnamnet kjem av. Det kan vere jernbanestasjonen eller den høge åsen Holtsås som ligg eit stykke unna. Tidlegare het vegen Holtevegen etter Holte-gardane, eit namn som blei vedtatt i 1999. I 2009 endra ein namnet til Holtsåsvegen.

Holtsås blei oppretta som haldeplass på Sørlandsbanen i 1917 og oppgradert til stasjon i 1930. Han blei ubemanna i 1968, og haldeplass igjen frå 1990. Da blei også krysningssporet fjerna. I dag er staden utan togstopp, og stasjonsbygningen er overtatt av private som bustad.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Banedata 2013, Thor Bjerke (red.) Hamar/Oslo 2013.
  • Statens vegvesen: veikart.


Koordinater: 59.46060° N 9.32813° Ø