Hovudgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2011 kl. 12:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{leksikon|Hovedgård}} '''Hovudgard''' er ein (større) gard som dannar kjernen i eit godskompleks. Det tilliggjande godset kan vere avlsgardar og [[Leksikon:Und…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovudgard er ein (større) gard som dannar kjernen i eit godskompleks. Det tilliggjande godset kan vere avlsgardar og underbruk, husmannsplassar og leiglendingsgardar med meir. I samband med adelsgods blir hovudgard gjerne nytta synonymt med adeleg setegard. Men det er med like stor rett ein knyter nemninga hovudgard til ulike typar ikkje-adelege kompleks. Det kan til dømes vere storgardar som er heim for eigarar og/eller administrasjon av eit verk eller bruk med tilliggjande jordeigedomar og lunnende.