Hud og dekk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (hetet over bilde fra doblingspant)
m (+{)
Linje 1: Linje 1:
{thumb|Doblingspant - demo.jpg|11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten}}'''[[Hud og dekk|Huda]]''' er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med [[doblingsspant]]. Referansen er til slik det vart gjort ved [[L/L Vik Båtbyggeri]].
{{thumb|Doblingspant - demo.jpg|11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten}}'''[[Hud og dekk|Huda]]''' er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med [[doblingsspant]]. Referansen er til slik det vart gjort ved [[L/L Vik Båtbyggeri]].
   
   
==Forarbeid==
==Forarbeid==

Sideversjonen fra 20. jul. 2010 kl. 09:57

11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten

Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingsspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri.

Forarbeid

Fyrst vart dei tre øverste gangane, setgangane, lagde. På spantemodellen var skandekket avmerka, og det vart overført til spantet på spanteplanet. På desse merka vart det lagt ei svartmåla, stø og kvistfri ri. I denne fasen vert det gjerne brukt litt tid til å vurdere linjeføringa både frå sida og langsetter. Springet på ein båt er viktig både for utsjånad og brukseigenskapar, og det er dette som her vert fastlagt. Ofte stod desse riene over til neste dag, og ein gjorde gjerne små justeringar. Når linja var fastlagd, merka ein alle spanta utvendig. Sidene vart merka med bjelkekrømd. Toppen av spanta skal liggje skandekkstjukta under overkant av øvste setgang, og dette tok ein omsyn til når ein merkte. Nokre spant vart kappa heilt, men dei fleste vart kappa knapt halvveges frå utsida. Desse toppane skulle tene til tvingefeste når ein la øvste planken.

Diksling

Neste steg var avretting av spanta på utsida, ned til eit godt stykke under det som vart dekt av setgangane. For å få bogen rett, brukte ein dikslestokk. Av desse var det fleire lengder og dimensjonar laga etter behov av kvistrein og god ved. På midten var ein slik stokk om lag 2 tommar tjukk, og tynnare ut mot endane. Breidda var også om lag 2 tommar, og dei lengste var gjerne mellom 4 og 5 m lange. To mann, ein nær kvar ende, pressa dei inn mot spanta. I stemna var sponingsbotnen utgangspunktet. Slik såg ein kor mykje som skulle hoggast bort, og dette vart merkt på spantet; ein ståande strek var 1/4 tomme, to strek 1/2 tomme osv. Merka sette ein der det skulle hoggast, anten på kanten eller på midten. Liggjande strek på kant eller midt var 1/16 tomme. Slik gjekk ein systematisk over det området som skulle justerast. Ei sylkvass diksleøks i hendene på ein trena kar, sletta fort eit spant, sjølv om det ofte kunne vere mødeleg med kvist og motved.

Setgangane

Til øvste planken vart det laga mal for endane. Særleg akterenden kunne vere vanskeleg, så her må malen rekke så langt fram at det meste av kantbøyen vert avtegna. Til denne planken vert emnet spesielt vurdert, det må ha rett svai og vere av god ved. I enden mot stemna forsenkar ein for to spikrar, men ein får gjerne ein spikar i breitømmeret i tillegg. For at dette skal gå fort medan planken er varm, har ein gjort alt ein treng klart på førehand. Det er likevel viktig å gje seg tid til å vurdere senting (= bord eller 1 ½ toms plankar skalma på spanta, utvendig og innvendig. Det jamnar ulikheiter.) og avstiving. Er ikkje dette forsvarleg gjort, kan skroget verte skeivt, og når setgangane er på, er det for seint å justere.

Plankar, som den øvste bak, med mykje vridning og kantbøy, vert ekstra hardt stima (dampa for at dei lettare kunne formast utan å gå sund). På Vik var det ein sveist tank på ca 400 l. Under den vart det fyrt med ved, og når ein skulle ha ekstra varme brukte ein øksespon som det var rikeleg av under båten. Når slike plankar skal leggast må det gå fort, så ein får den på plass medan den har god temperatur.

For å feste plankane borar ein med ein høveleg navar for skalmeboltar, og ein plasserer hola der det seinare skal vere naglar. Ein følgjer eit mønster med overkant fremste tømmer og underkant bakarste. Er kryssarhekken ekstra rund, og ein vil unngå noko av kantbøyen med gang nr. 2, kan ein avspisse han mot øvste planken med ein tverrende på 3 - 4 cm.Han må då spikrast opp i planken ovanfor. Den tredje planken får då eit hakk tilsvarande avslutninga på nr. 2.

Rekkestøtter og garnering

Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha. Då gir ein også vidareføring av svaien på spanta i forskipet, eller utslaget. Det vert lagt like mykje arbeid i desse linjene som når springet vart fastlagt. Modellar til rekkestøtter vert laga etter denne ria og setgangane. Oftast stod rekkestøttene ned på eit av tømmera i spantet. Dei vert då felte mot hudgangane som er lagde, og festa med eit par skalmeboltar frå utsida.

Etterpå vert det diksla innvendig for å leggje bjelkevegar. Denne har tjukkleik på tre tommar, og har laskeskøyt. Mot endane vert vegaren avtynna, serleg bak. Der vert også mykje vridning, og noko av vridninga vert teken av samstundes. Undervegar og garnering vert lagt, slik det er hugsa, før dekksbjelkane. Mellom undervegar og garnering vert lagt nokre klossar slik at der vert ei luftespalte. Garneringa har same dimensjon som huda. I kimingane vert oftast lagt tre livholtgangar, med tjukte på tre tommar.

Bjelkelag og dekk

Lukeendebjelkane plasserer ein først, det vert bestemt ut frå kvar kaising, luke og kappe skal plaserast. Dei var gjerne breiare enn dei andre bjelkane, sidan kravellane skulle fellast inn i dei. Den pårekna tjukkleiken på skandekket vart avsett på ei ku