Hud og dekk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten

Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri.

Forarbeid

Fyrste hudplankane som skal leggast er dei tre øvste gangane, setgangane. Derfor må det avgjerast kvar spantetoppane skal kappast. Då får ein sett på merke for overkant til øvste planken. På spantemodellen var skandekket avmerka, og det vart overført til spantet på spanteplanet. På desse merka vart det lagt ei svartmåla, stø og kvistfri ri. I denne fasen vert det gjerne brukt litt tid til å vurdere linjeføringa både frå sida og langsetter. Springet på ein båt er viktig både for utsjånad og brukseigenskapar, og det er dette som her vert fastlagt. Ofte stod desse riene over til neste dag, og ein gjorde gjerne små justeringar. Når linja var fastlagd, merka ein alle spanta på utsida. Sidene vart merka med bjelkekrømd. Toppen av spanta skal liggje skandekkstjukta under overkant av øvste setgang, og dette tok ein omsyn til når ein merkte. Nokre spant vart kappa heilt, men dei fleste vart kappa knapt halvveges frå utsida. Desse toppane skulle tene til tvingefeste når ein la øvste planken.

Her vert spanta diksla på innsida, dette er der bjelkevegar skal leggast

Diksling

Neste steg var avretting av spanta på utsida, ned til eit godt stykke under det som vart dekt av setgangane. For å få fine overgangar, brukte ein dikslestokk. Av desse var det fleire lengder og dimensjonar laga etter behov av kvistrein og god ved. På midten var ein slik stokk om lag 2 tommar tjukk, og tynnare ut mot endane. Breidda var også om lag 2 tommar, og dei lengste var gjerne mellom 4 og 5 m lange. To mann, ein nær kvar ende, pressa dei inn mot spanta. I stemna var sponingsbotnen utgangspunktet. Slik såg ein kor mykje som skulle hoggast bort, og dette vart merkt på spantet; ein ståande strek var 1/4 tomme, to strek 1/2 tomme osv. Merka sette ein der det skulle hoggast, anten på kanten eller på midten. Liggjande strek på kant eller midt var 1/16 tomme. Slik gjekk ein systematisk over det området som skulle justerast. Ei sylkvass diksleøks i hendene på ein trena kar, sletta fort eit spant, sjølv om det ofte kunne vere mødeleg med kvist og motved.

Setgangane

Til øvste planken av setgangane vart det laga mal for endane. Særleg akterenden kunne vere vanskeleg, så her må malen rekke så langt fram at det meste av kantbøyen vert avtegna. Til denne planken vert emnet spesielt vurdert, det må ha rett svai og vere av god ved. I enden mot stemna forsenkar ein for to spikrar, men ein får gjerne ein spikar i breitømmeret i tillegg. For at dette skal gå fort medan planken er varm, har ein gjort alt ein treng klart på førehand. Det er likevel viktig å gje seg tid til å vurdere senting (= bord eller 1 ½ toms plankar skalma på spanta, utvendig og innvendig. Det jamnar ulikheiter.) og avstiving. Er ikkje dette forsvarleg gjort, kan skroget verte skeivt, og når setgangane er på, er det for seint å justere.

Plankar, som den øvste bak, med mykje vridning og kantbøy, vert ekstra hardt stima. Det kan skje ved lenger tid i stimrenna, gjerne kombinert med sterkare fyring. Ein godt varm planke er så varm at ein lyt verna hendene når den skal handterast. Arbeidshanskar var der ikkje, men hua var for handa. Den vart etter kvart stiv av furekvae. Når planken er godt varm kan den formast utruleg mykje. På Vik var det ein sveist tank på ca 400 l. Under den vart det fyrt med ved, og når ein skulle ha ekstra varme brukte ein øksespon som det var rikeleg av under båten. Når slike plankar skal leggast må det gå fort, så ein får den på plass medan den har god temperatur.

For å feste plankane borar ein med ein høveleg navar for skalmebolt, og ein plasserer hola der det seinare skal vere naglar. Ein følgjer eit mønster med overkant fremste tømmer og underkant bakarste. Er kryssarhekken ekstra rund, og ein vil unngå noko av kantbøyen med gang nr. 2, kan ein avspisse han mot øvste planken, eller med ein tverrende på 3 - 4 cm. Han må då spikrast opp i planken ovanfor. Den tredje planken får då eit hakk tilsvarande avslutninga på nr. 2.

Rekkestøtter og garnering

Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha.Då gir ein også vidareføring av svaien på spanta i forskipet, eller utslaget. Det vert lagt like mykje arbeid i desse linjene som når springet vart fastlagt. Modellar til rekkestøtter vert laga etter denne ria og setgangane. Oftast stod rekkestøttene ned på eit av tømmera i spantet. Dei vert då felte mot hudgangane som er lagde, og festa med eit par skalmeboltar frå utsida.

Etterpå vert det diksla innvendig for å leggje bjelkevegar. Denne har tjukkleik på tre tommar, og har laskeskøyt. Mot endane vert vegaren avtynna, serleg bak. Der vert også mykje vridning, og noko av vridninga vert teken av samstundes. Nokre bjelkar vert gjerne lagt før garneringa, det stivar av skroget. Undervegar og garnering vert lagt før resten av dekksbjelkane, då er det enklare å trede ned lange garneringsplankar. Mellom undervegar og garnering vert lagt nokre klossar slik at der vert ei luftespalte. Garneringa har same dimensjon som huda. I kimingane vert oftast lagt tre livholtgangar, med tjukte på omlag tre tommar. Dei vart gjerne tynna av mot endane på båten, slik var dei lettare å pressa ned på spanta.

Bjelkelag og dekk

Når ein byrjar på bjelkelag og dekk plasserer ein lukeendebjelkane først, det vert bestemt ut frå kvar kaising, luke og kappe skal plaserast. Dei var gjerne breiare enn dei andre bjelkane, sidan kravellane skulle fellast inn i dei. Den pårekna tjukkleiken på skandekket vart avsett på ei ku, og etter denne felte ein ned bjelkane. Det vart gjort slik at hakket vart fordelt på bjelke og vegar, og med halv svalehale. Det var ein føremun om heile, eller noko av bjelkeenden kunne gå ut mellom spanta, for det gav lege for fyllstykka.

Skandekk

Saman med omtale av bjelkelaget, kan det høve å ta med litt om skandekk. På Vik vart fyllstykka lagde jamt med overkant av øverste hudplanken. Fyllstykka var ikkje felt inn i rekkestøttene i underkant, slik sume gjorde. Innanfor desse kom skandekksreima. Bjelkelåset er den inste, og det er 12 - 15 mm tjukkare enn resten av dekksmaterialen. Den ekstra tjukta skal hoggast ned i bjelken for å låse dekksplankane slik at bjelkelåset kan ta opp trykket frå mellom anna drivinga av dekket. Bjelkelåset er laskeskøytt. Når låset er lagt og spikra i bjelkane, borar ein for skandekksboltane. Ei borstyring sytte for at ein kom ut høveleg langt ned på hudplanken. Desse hola vart forsenka, men på innsida berre for klinkeringen. Når desse boltane skulle klinkast, vart alle hol lokka (det vil seie: individuell måling ved ein lokkestreng) for å få høveleg lengd for klinking.

Dekksplankane

Dekksplankane er dimensjonerte også på breidda, og difor vert det lagt inn ein hakkaplanke innanfor bjelkelåset. Denne har god breidde, og vert over eit parti midtskips skoren parallell med senterlina. Dekksplankane vert så haka inn i denne etter kvart ein legg dekk. Rundt hol for luke, kappe og kaising, vert det lagt ein sole. Han er noko tjukkare enn dekket elles, og hjørna er felte saman med skrå endar framme og bak, og som høver saman med hakk i langsida på sidesolane. Slik vert han låst mot press frå alle sider. Solane får ein ståande skøyt i kvart hjørne, og desse vert drivne før ein legg dekket. Når ein legg dekk på denne måten, får ein nytte beine og kanta plankar. Sameleis som på huda må plankane jagast godt saman.

Resten av huda

På utsida kan ein no fullføre hudinga, og ein byrjar gjerne med kjølplanken. Alle sponingane må då hoggast ferdig først. Vidare må ein sjå til at alle laskeskøytar vert tette. Ein borar og set inn vassnaglar i mellom anna, laskane mellom kjøl og understamn, og mellom understamn og stamn. Det same gjer ein på tilsvarande stader i akterskipet. Så vert laskeskøyten driven frå sponingsbotnen og ut i vassnaglen.

Kjølplanken bak, har rotenden bakover, det vert valt ein planke med stor breidde. Breidda på gangane vidare oppover vert berekna. På desse båtane var det mellom 22 og 25 gangar. Ein delar tal gangar på høgde som skal leggast, og merker av på nokre spant både i for og akterskip. Slik får ein jamne hudgangar, og serleg over vatn er det lagt vinn på det.

Etter kvart som det vert huda, er det viktig å merke av alle doblingar etter som ein legg hud over dei. Ein set merke på hudplanken med ein strek med ring i kvar ende akkurat der bolten er. På dette viset kjem ein ikkje så lett i skade for å treffe bolt når ein borar hol for naglar. Hender det likevel, må ein anten prøve å endre retning eller så set ein inn ein proppnagle. Det er ein nagle tilpassa lengda inn til hindringa, ein sagar eit spor i enden og set i ein årette.

Fyllingsplanken er den siste ein set inn. Han er oftast litt lavt i kimingane, og vert stokken på. Det tyder at breidda vert teken med stikkpassar i botnen, ofte med ein meters mellomrom eller tettare om naudsynt. På desse plankane må ein ta malar på begge kantar. Innerkanten vert svakt avfasa for å få planken til å entre. Etter at huda er på vert det bora for naglane og dei vert innslegne. På innsida skal dei årettast, på utsida vart stundom brukt døytel. Den var laga av eik.

Alle hudplankar er skøytte midt på eit tømmer, og er spikra med to skipssikar i kvar ende. Er det ekstra stor plankebreidd kan ein bruka fleire spikar. Over vasslinja vert alle spikrar innsenka, det vert brukt por, dor med skaft, når spikaren skal heilt inn. Hola vert proppa med veden i same retning som i planken. Under vasslinja vert brukt skjeggboltar, desse vert det skylpa for. Etter innporing vert det støypt over med sement. I tillegg til naglar og spikar er der støytboltar. Dei er av ½ toms galvanisert rundbolt. Hola for desse boltane vert lokka så dei har individuelt tilpassa lengd, då dei skal klinkast. Boltane i alle kne, (henge kne), og i eventuelle reidersar vert proppa over vasslinja. Under vasslinja vert alle rundboltar vikla stry på. Etter innporing overdekt med sement.

Rekke

Rekka var bygd av 1 ¼ toms pløgde bord. For å få burt noko av kantbøyen la ein borda framme og bak med meir stigning enn springet. Det vart starta med nokre små seksjonar i kvar ende som var tilskapa etter ein modell, stima godt og skrua på med tvinger i fyrste omgang. Når alt passa saman vart det spikra med galvanisert trådspikar på rekkestøttene. Oftast var det lagt blymønje i plogen. Rekkekledninga var lagt i ein fals i skambordet. Det var rundt 12 cm høgt og 1,5 cm tjukkare enn kledninga og med avskråa overkant. På forskipet og bak til rustjarna låg skambordet heilt ned på dekk. Vidare bakover til atterkant kaising var eit mellomrom til dekk som fungerte som eit spylgatt. Heilt bak tett mot dekk. Det var laga svalkeportar slik at dei dekte lavaste punkt, også med last. Dei var topphengsla, og opna ved trykk frå innsida, eller dei kunne låsast. Topprekke er rekkelinning som er utstempla for tappar på rekkestøttene. Dimensjon 2,5 - 3 tommar tjukk, breidde rundt 7 tommar. Den vert stramma ned på støtta, og festa med fjørboltar. Frå stemnet og bakover ligg svineryggen. Den ligg opp på rekkelinning, og skråar utover lik rekkestøttene. Fram ved stemnet er høgda rundt 25 cm. Den minkar ned bakover til ca 2 tommar ved avslutning like framom rustjarna. På toppen eit lavt rekkverk. Det er lagt listjarn på topp og sider på heile topprekka. Listjarn også på skandekk rundt heile båten. Bussgatt framme og bak i slangar av tre. På sume båtar vart det sett på ein 6 – 8 tommar høg dregle.

Verktøy

Slagverktøy utan om hammaren er mokkert og slegge. I 1940- og '50-åra var det ikkje så mykje elektrisk handvertøy utanom boremaskiner. Seinare fekk ein elektrisk sirkelsag som handmodellar. Dei vart då nytta til å kanta hudplankar. Til kapping under hudlegging var det handsaga som var i verktøykassa. Kvar hud og garneringsplanke skal ligge tett mot foregåande planke. Dei måtte jagast i hop. Eit jag var ein høveleg stor hake slått på skrå i spanta, på den sette ein inn to kilar å jaga med. Hadde ein skråa haken feil veg, oppdaga ein det no, for då la den seg vekk og gjorde inga nytte. Det lærest.

Innvendig var det stortsett enkelt å setja på ei sveivedonkraft, men jaget var fint å legge fyste ende på. På utsida frå dekk og nedover kunne ein bruka tvinger. Desse var i mange storleikar, og alle hadde kvinnenamn. Oftast etter konene til nokon. For å gi press mot spanta kunne ein stundom bore eit naglehol å setja inn ei plankeskrue. Raskaste og best var motto.

Her er mange detaljar i denne artikkelen, men det er mange fleire som ikkje er nemnt. Dette er tenkt som litt forklaring til båtbygginga på doblingspant, og ikkje på nokon måte som lærebok.

Kjelde