Ord og uttrykk knytt til kravellbygging

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ord og uttrykk knytt til kravellbygging slik dei vart brukt på L/L Vik Båtbyggeri, i bygda Høydalen i Volda kommune. Sjå òg fleire detaljar om kravellbygging i stykket om Hud og dekk.

Hud og dekk, oversyn

11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten

Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri. Fyrste hudplankane som skal leggast er dei tre øvste gangane, setgangane. Derfor må det avgjerast kvar spantetoppane skal kappast. Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha.Kjølplanken bak, har rotenden bakover, det vert valt ein planke med stor breidde. Fyllingsplanken er den siste ein set inn. Han er oftast litt lavt i kimingane, og vert stokken på.

Alle hudplankar er skøytte midt på eit tømmer, og er spikra med to skipssikar i kvar ende. Er det ekstra stor plankebreidd kan ein bruka fleire spikar. Over vasslinja vert alle spikrar innsenka, det vert brukt por, dor med skaft, når spikaren skal heilt inn.

Hakkaplanke

Når dekksplankane vert lagde paralellt med senterlinja, er det behov for ein planke å felle endane på dekksplankane inn i. Hakkaplanken (i fagliteraturen skrive som "hakaplanke") er breidare enn resten av dekksplankane. Der båten er breidast vert hakkaplanken skoren parallell med senterlinja. Vidare framover og bakover vert det tilpassa hakk etter kvart ein legg dekk. Sjå bilde.

Kne brøker og reider

Kne og reider er eit loddrett eller skråstilt smidd kne som stivar av og forsterkar mellom dekksbjelke og skipssida. Kne går ikkje så langt nedover spantet som ein reider (ofte sagt reiders). Veritas reglane kravde til dels at dei skulle gå så langt at det var bolta i bunnstokkane. Dimensjon som brøker beskrive i avsnitt under. Boltane i desse er gjennomgåande skruboltar der hjertebolten er 20 mm vidare ca 16 mm med spissbolt i enden. På 60 fotingane gjekk reidersane som oftast ned på livholtgangane, det som er skrive her er slik det var gjort ved Vik på 60-70 fotingane.

Brøker er forsterkningar mellom sidene i baug og hekk. Slik det vart gjort på Vik, var desse av jern, dimensjon rundt 3 tommar brei og tjukkleik ved hjerte 1 1/4 tomme. Det var då utsmidde armar til ½ tomme i enden. I baug montert i rett vinkel på stamnen. Bak slik at ein fekk med kantraspanta best muleg, og gjennomgåande boltar i attklossingane.


Når ein båt vart slippsett for litt lenger tid, sette ein på ei brok. Det er ein kjetting som vert tredd gjennom åpningar under slipprenna og over helen rett bak stilken. Ein låsar då båten på renna og slakkar forsiktig så båten stoppar i broka. Då kan ein nytta slippvinsja til andre ting.

Kjeising, casing (eng.)

Kjeising direkte oversatt tyder, inneslutning. Det er ei oppbygging på dekk. Eldre variantar var av tre. Seinare vart det stål og aluminium. Rorhuset vart bygt opp på kjeisinga. Tidlegare kunne det vere bygt kjeising over berre maskinrom, då nemnt som maskinkjeising kunne og vera kjelekjeising.

Dregle

Dregle er ein om lag 2 tommar tjukk og 6 – 8 tommar brei planke som er montert langskips på kant og plasert midt på rekkelinningen. Den er forma etter springet på båten og skrua på rekkelinningen med gjenomgåande boltar. Enkelte seksjonar er laga for å ta vekk, som for eksempel der sildegarnrullen vart montert. På desse skøytane var det påklinka ein uforma sleide, den hindra at garn sette seg fast i skøyten. Dreglen er med å gi rekka meir høgd, derved mellom anna betre sikring for mannskapet. For å hindre slitasje og oppflising vart det lagt listjarn på toppen. Dregle kan like gjerne verte nytta på ein klinka båt som på ein kravellt.

Fyllingsplanke

Her eksempel på eit malbrett med påsette malar og passarstikk.

Å stikke på ein hudplanke, er å ta alle breidder med passarstikk. Dette vert nytta på fyllingsplankar, det vil sei at det er kun ein hudgang, (heile lengda) som manglar. Ved nybygg er den hudgangen litt under kimingane, det er der båtsida bøyer inn og går over til botn. På desse plankane må det takast malar på både over og underkant. Malar i denne samanheng er vinkelen på hudplanken mot over og underliggande hudgangar. Dette skal vera rett tilpassa slik at der vert ei høveleg nat for driving. Desse malane vert tekne med løsvinkel, stillbar vinkel, og ført over til eit malbrett. Avstanden mellom kvar mal er oftast 1 m, men er det store overgangar kan ein t.d. bruke 0,5 m mellom kvar, og sette det av på malbrettet. Breidda tek ein med passarstikk på akkurat på same stad som malen, passarstikket vert sett på malbrettet og merka med 1 - 2 og 3, som i dette eksempelet viser til meter. Når planken skal lagast vert først eine kanten gjort ferdig, den andre kanten vert bestemt av passarstikka når dei vert overført til planken. Planken skal stikkast så trang at når han vert slegen inn med ein tung mokkert sit han fast.

Denne malen vert brukt når ein feller ned dekksbjelkar

Ku

Ku eller kyr, er ein enkel mal laga etter overkant på bjelkemodellen. Det vert brukt eit bord på vel 1 ½ m lengde. Underkant på dette set ein ned på bjelken, difor avtegna etter bjelkemodellen. I eine enden tek ein vekk tilsvarande dekkstjukta. Når ein legg bjelken ned på bjelkevegar, og fører kyra med hakket ut på øvste hudplanken, kan ein måle kor mykje bjelken skal nedfellast. Er diferansen t.d. 4 cm kan 2cm felast ned i bjelkevegar og 2cm i bjelken. Det var vanleg å felle saman med halv svalehale. Kontrolerar både for og bakkant i tilfelle forskjell.

Drevjarn og klubbe

Her ser ein setjarn og rabat i lag med drevklubba

Drevjarna får utforming etter kvar dei skal brukast. Rette jarn vert brukt til driving av hud og dekk. Rundt rekkestøtter og langs kaising , lukekarm og liknande brukar ein krumjarn. Der er elles mange utformingar. Drevjarna vart smidde ved verkstaden og utforma etter behovet. Hovudet og egga var herda. Setjarnet er tynnt i egga, nesten som ein smørkniv. Rabaten har har spor i egga, og tjukkelse etter behovet. Klubba, også kalla klapphammar, vart dreia på verkstaden. Den var laga av jarnved (veit ikkje anna namn), den er hard og høveleg tung. Den avbilda klubba er dreia av palisander, den er litt lett, men brukbar. Holkane er dreia av emnerør som hadde såpass kolstoff prosent at det tok høveleg herdsle.

Laskeskøyt

Mange stader på ein båt er det skøytar som skal tola mykje strekkbelastning. Då vert laskeskøyt ei løysing. Kor lang ein slik lask skal vere er det regelverk for, oftast beskrive som eit vist tal gonger dimensjonen, og alt etter kvar på båten det er. På ein ny båt i størrelse 60-70 fot, er kjølen vanlegvis i ei lengd. Der kjem då understemnet i forlengelse av kjølen, og skøytt saman med denne med ein laskeskøyt. Desse skøytane mellom kjøl og stemner er liggande laskar. Det er det også på bjelkevegar og revise. På bjelkelåset og på rekkelinningen er lasken ståande. Der rekkelinning har mykje sving kan ein nytte eit laust stykke på innsida som del av ein laskeskøyt. Desse vert klinka med to ½ tomsboltar på kvar ende. Endane har då rundt 5-6 cm breidd, og støyten er litt på skrå både horisontalt og vertikalt. I lengderetninga må slike lause laskar tilpassast med høvel, sjølv om emnet minkar litt med høvling, så gjer skråinga at det ikkje vert for lite. Siste innpassing er snitt med saga i enden.

Laskelås

Ved forlenging av båtar vert kjølen og kjølsvin kappa. Desse vert kappa med omskot, men skal skøytast med ein lang lask. På kjølen vart det innsett eit laskelås. Det var laga i hard ved, oftast eik. Om lag 30 – 35 mm tjukte og bredde rundt 75 mm. Dette vart felt ned i flatene på lasken. Det skulle innslåast etter at kjølboltar var tilskrua. Då vart det tilpassa slik at det var trangt å slå inn.

Skandekk

Skandekk er dei yste dekksplankane. Den aller yste er fyllstykka, det er dei korte bitane mellom kvar rekkestøtte. Innom der er skandekksreima og bjelkelåset. Desse tre er det som vanleg vert rekna som skandekk, men andre løysingar finst også. Slik det er beskreve her er øvste hudplanken, den øvste av setgangane, jamt med overkant dekk. I ein samtale kan godt øvste hudplanken verte kalla skandekksplanke, så å ”halda tunga rett i munnen” er neimmen ikkje enkelt.

Når det er snakk om breidde i skandekk, så er den etter skandekkslinja. Den fyl då springet på båten, og det er den breidda doblingspanta vert laga etter. Skandekkslinja vert overført til spanta frå spantemodellen, men dette gir ikkje sikker linjeføring for springet. Difor finjustering med rier.

Skjeggbolt

Her er to skjeggboltar, legg merke til at den eine er vridd i forhold til den andre. Det er for å vise skjeret som er på ein skipsbolt, eller spikar. Skjeret skal stå på tvers av veden ein spikrar i. Med skylpen tek ein ut for boltehaudet

Ein skjeggbolt er ein bolt som er berekna brukt undervass, altså under vasslinja. Rundt leggen på bolten vert vikla tjerestry. Der bolten skal innsetjast vert det bora eit høveleg hol med navar.

Navaren gir eit kona hol. Ytre vert skylpa ut rundt holet, så det vert som ei lita gryte for boltehaudet. Når bolten vert innslegen dreg litt stry seg med inn i bolteholet, og resten legg seg under haudet. Dette tettar for lekasje langs med bolten. Alle boltar vert til sist innpora om lag 1 cm inn i planken, og det vert pussa over med sement.

Innsenka bolt

Over vasslinja vart alle boltar innsenka og proppa. På Vik var det Innsenkar og Proppebor for alle aktuelle dimensjonar, dei var for det meste «heimelaga». Der ein innsenka bolt skulle stå vart det først senka inn ca 15 - 20 m/m alt etter dimensjon så bora for bolten. Om det var skipsspikar vart det brukt navar, var det rundbolt bora ein med vanleg bor. Døme - «støytbolt», ein gjennomgåande bolt på første tømmer ved sida der ein planke er skøytt. på 60 fots båt var det brukt 1/2" galvanisert jern, som talemåten var på 1950 og 60 talet. «Støytbolten» er klinka i begge endar. Når bolten var innslegen vart proppa sett inn, den skal vera trang så den sit godt. Proppa vert høvla jamt med huda og lakka som resten av skroget.

Stråkjøl

Stråkjølen er festa på kjølen med små hakar. Dei vart smidde ved båtbyggeriet i høveleg størrelse. På 60 fotingane var hakane om lag 11 cm. Stråkjølen vernar kjølen mot ytre skadar og mot makk. Kjølboltane har mutter under kjølen, og stråkjølen får forsenkingar for desse. For vern mot makk vart stråkjølen smurd med bunnstoff. I 1950- og '60-åra var det koparstoff. På den sida som skulle pressast mot kjølen vart det lagt tjærefilt, eller ein tjukk takpapp, og sausa på med bunnstoff. Så vert den festa med dei nemnde hakar. Dei vert felt inn i sida på både kjøl og stråkjøl. Med dette opplegget er det enkelt å skifte stråkjøl. På sleden båten står på når den vert slippa, er det festa 3 tommar tjukke klossar. Desse har lengdeveden på tvers på sleden. Ståkjølen vert skifta bitevis ved å kløyva desse klossane, og ta ned den gamle. Legge under ein ny og kile den oppunder kjølen, og feste med hakar.

Laska spant

Eit spant laga av eit tømmer får ikkje overlapping på skøytane slik som eit spant av to tømmer. Derfor vert det brukt ein lask over skøyten. (Namnet her må ikkje forvekslast med laskeskøyt på kjøl og t.d. skandekk.) Lasken er ein planke skoren i same svai som spantet, og med lengde som går godt forbi skøyten. Dimensjonar her står i rimeleg forhold til spantet det skal boltast på. Lasken vert vanlegvis forbora, og spikra på spantet med skipsspikar. Forbore, er å bore eit hol der spikaren skal vera, det er for å hindre at arbeidstykket klovnar,- kløyvest. Eit slikt enkelt spant må på eit vis bindast saman for i det heile å kunne handterast. Laskane vert spikra på under samanlegging, som elles blir som for doblingspant. På slike spant vert huda spikra, kalla spikarhud. Dette er ei løysing nytta på mindre båtar.

Skalkejarn

Når lukekarmen var av stål vart skalkejarna sveist rett på lukekarmen. Dei vert brukt til å kile fast lukepresenningen. Namnet skalkejarn kjem kanskje frå den tida lukekarmen var av trematerial, då var skalkejarna smidde og skrua på karmen.

Skalmebolt

Skalmebolt og to skalmer, fotografert på litt av ei færingside som har gjort teneste som trod på eit uthus, bygt i 1905.

Ein skalmebolt er ein bolt, i denne samanheng ein skips-spikar, med skalme på. Skalme er i enklaste samanlikning ei stoppskive av tre. Ved huding er det i regelen berre endane på ein hudplanke som vert festa permanent. I endane vert det innsenka for spikaren og seinare sett propper i innsenkinga. Skalmebolten vert brukt for å feste planken millombels i denne fyrste fasen, og vert innbora der det seinare skal vere nagle. Sjå Hud og dekk.

At resten av planken ikkje vert festa permanent når han vert lagd på har årsak i at det skal brukast trenaglar. Dei går gjennom huda, spanta og garneringa, i tillegg skal det innborast for støytbolt i neraste tømmer til skøyten på alle hudplankar. På ein 60 fots båt er støytbolten av ½ tomms galvanisert jern og går gjennom hud, spant og garnering, og vert klinka i begge endar. På utsida innsenka og proppa. Når det vert bora for og slege inn trenaglane vert hudplanken virkeleg pressa til spanta og sit fast. Skalmeboltane som var nytta i fyrste fase kan no takast ut, det skjer ved at skalma kan kløyvast og ein dreg ut bolten med eit kubein. Skalma si oppgåve er å gi plass til kubeinet.

Rei eller ri

Ei lang lekte av rein material og i dimensjonar tilpassa behovet. Vert brukt til hjelp for å merke ei jamn linje med meir eller mindre bue. Brukast for å merke på emner, som eksempel ein hudplanke. Kunne også vera avtynna mot endane vart då hjerne kalla dikslestokk. Då brukt for å merke ujamheiter på spant når ein diksla. Eit bilde av det ligg på artikkelen om MB «Speser».

Kjelde