Hundeidvik blandakor

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. nov. 2011 kl. 09:39 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871 som eit av dei første blandakora på landsbygda i Noreg. Hundeidvik var den gongen ein del av Hjørundfjord herad, men etter 1883 har Hundeidvikgrend...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871 som eit av dei første blandakora på landsbygda i Noreg. Hundeidvik var den gongen ein del av Hjørundfjord herad, men etter 1883 har Hundeidvikgrenda vore ein del av Sykkylven kommune.

Det er fortalt at koret vart skipa etter at nokre hundeidvikarar hadde vore på ei samling ved Hornindal kyrkje sommaren 1871. Her hadde dei fått inspirasjon til å gå vidare med songen, og koret fekk frå starten medlemer både frå Hundeidvik og nabokrinsen Blakstad. Koret sin første dirigent var Karl Habostad frå Stranda. Han var omgangsskulelærar i krinsane Hundeidvik, Blakstad og Ikornnes.